Skal det vedlikehaldssåast/reparasjonssåast må det skje så snart jorda toler køyringa. For dei tidlegaste areala vil det truleg seie denne veka, medan jordoverflata enno er fuktig.
- Bruk lett traktor, med god hjulutrustning
- Forharv (fingertind) som rispar opp jordoverflata
- 1,5 – 2 kg fleirårig raigras pr daa + evt. 150-200 g raudkløver pr daa og/eller 50-100 g kvitkløver pr daa. (vurder kor glissen grassvoren er)
- Gjerne etterharv (fingertind) som sprutar mold over frøet.
- Tromle så snart som mogeleg etter såing. Men ikkje tromle om jorda kleimer seg på trommelen.
Det er lite vits i å reparasjonsså ein tett grassvor. Då er det full fornying som gjeld.
PS! Det er oftast ein grunn til at du vurderer at det må vedlikehaldssåast/reparasjonssåast. Kva kan årsaka vere:
- slått på for tidleg utviklingsstadium (i forhold til det grasartane du dyrkar kan tole) tidlegare år?
- for mange slåttar (i forhold til det grasartane du dyrkar kan tole) tidlegare år?
- for mykje tilført nitrogen seint i vekstsesongen tidlegare år
- dei sådde grasartane er ikkje tilpassa klimaet der du heldt til
- særskilde forhold denne vinteren t.d. lang periode med barfrost, eller angrep av overvintringssopp
- for lite luft i forhold til vatn i jorda (pakka jord)
- for lav pH i jorda
- andre forhold
Fleire av årsakene til tynn grassvor om våren kan du som bonde gjere noko med gjennom drifta di av jorda. Ta gjerne kontakt med grovfôrrådgivaren din for å drøfte dette.
