Fordelen med tidleg uttak er at du får prøvesvara tidlegare. Vi kan dermed starte tidlegare med å utarbeide ny gjødslingsplan til deg, og det vert mogeleg for deg å bestille meir presis mengd og type gjødsel når prisane er lågast. Ein annan fordel er at det går raskare å ta ut jordprøvene når enga er forholdsvis nyslått. Å vasse i høg, våt gjenvekst eller drive hekkeløp over elektrisk sauenetting, tek tid. Difor er det fint om de som veit de skal ha nye jordprøver i år, kan melde inn til rådgjevaren dykkar om når de trur de er ferdig med siste slått. Spesielt der det skal beitast med dyr er det fint om vi kan kome å ta prøvene mellom slått og beiting.

No er det ikkje slik at vi rekk over alle stader med ein gong, og nokre vil nok oppleve at vi kjem godt ut på hausten. Men dersom du kontaktar oss og gjev ei oppdatering på korleis det ligg an med slått/gjødsling/beiting hos deg, gjev det oss ein god oversikt over kvar det er klart for prøvetaking når, og kvar vi kan byrje allereie no.

20240905 101105

Tips og triks for at jordprøvetakinga skal gå effektivt:

  1. Ha klart for deg om du har fått nye areal sidan førre gong du fekk utarbeidd gjødslingsplan med kart frå oss. Dersom du har fått nytt leigeareal skal du ha jordprøver innan det er gått to år frå overtakinga. Hjelp rådgjevaren med å kartfeste kvar dei nye teigane er og korleis dei skal delast inn i skifte. Det er nemleg ikkje sikkert rådgjevaren din er fullt så lokalkjend at han veit kvar «vest for elva som går ova i stabburet til tanta hass Ola på Håjen» er. Om vi ikkje får treffe eg når vi kjem, så kan vi avklare prøvestader på telefon eller teams. Teams er svært nyttig å bruke på drifter med mykje areal.
  2. Tenk gjennom om det er nokre spesielle skifte du vil det skal takast prøve av. Det kan for eksempel vere svært nyttig å prioritere dei skifta der du planlegg gjenlegg dei komande åra. Då får du oppdatert status på pH, og kan tildele ei passande mengd kalk i gjenlegget. Rådgjevaren som kjem til deg vil og sjølvsagt vurdere behovet for prøver ut frå tidlegare prøvehistorikk, alder på eldre prøver og storleik på skifte m.m.
  3. Opplys om kvar det går å kome seg nærast skiftet med vanleg bil.
  4. Opplys kvar gjerdeapparatet står, dersom vi må krysse høge straumgjerde. Ikkje alle av oss har fått tildelt lange nok bein til å stige over sauenetting.
  5. Har du areal som kan vere vanskeleg å finne, så er det fint om du kan vere med å syne veg.

Jordprøve steg for steg, slik går det føre seg:

  1. Få oversikt over kart/areal og prøvehistorikk
  2. Avklaring av kvar det skal takast prøver
  3. Prøveuttak. Stikk frå prøvebor ned til 20 cm djupne. Innhald frå mange stikk frå ulike stader på skiftet blir blanda i ei bøtte og tømt over i ein prøveboks
  4. Prøvene skal koordinatfestast
  5. Utfylling av bestillingsskjema for analyse hjå laboratoriet
  6. Prøvene står til tørk nokre dagar før sending.
  7. Prøvene pakkar vi og sender saman med skjema til laboratoriet.
  8. Prøvesvara kjem så raskt laboratoria har dei klar. Tid vil variere ut frå sesongkapasitet hjå laboratoria. Normalt sett går det 1-2 månader

Dette kan du få ut av resultata:

Slik tolker du jordprøveresultatene | Norsk Landbruksrådgiving

Jordproveboks