Skade etter vassarve 2 DAE
Bildet syner korleis det kan gå om du ikkje passar på behovet for sprøyting mot vassarve i attlegg. Vi ser her korleis det såg ut rett etter slåtten. Vassarven var slegen og pakka inn i rundballar og har etterlate seg opne rom i enga.

Under ideelle forhold er gras, kløver og ugras kome langt nok til sprøyting ca. ein månad etter såing. Ved tørke vil det gå noko lenger. Bekjemping av ugras på denne tida gjeld frøugras, eventuelt rotugras som høymole og krypsoleie som dukkar opp etter manglande brakking på førehand. Skal den typen ugras bekjempast i attlegg, kan det bli behov for ein «hestekur» som ikkje er heldig for attlegget. Grasugras som kveke og tunrapp som dukkar opp på denne tida, må du dessverre leve med vidare i engåra.

Ugraskampen må du vurdere ut frå mengde og type ugras. Må det sprøytast, eller går det bra utan? Generelt vil eg seie at det kjem meir ugras enn du trur. Som hovudregel skal du bekjempe ugraset. Eg er freista til å seie at det er «obligatorisk», men du må vurdere situasjonen! Vi har døme på at bønder må ta igjen attlegget, med ny brakking, jordarbeiding og såing. Det kostar! På den andre sida, så ser vi av og til at det kan gå overraskande bra om du er for sein med sprøytinga, og det ser håplaust ut, men bruk ikkje denne metoden!

Attlegg med kløver

Kveke
Grasugras som kveke og tunrapp let seg ikkje sprøyte med ugrasmiddel for frøugras. Her ser vi kveke i nysådd attlegg.
20240529 193444
Kløver må ha fått varige blad før den toler sprøyting. Bildet syner både kløver og gras som er kome langt nok. I dette tilfellet ser vi ikkje ugras, og vi treng ikkje sprøyte.

Dei fleste sår frøblandingar som inneheld kløver. Express 50 SX er kanskje det mest brukte middelet i dag. Det er godkjent i attlegg med raudkløver når det blir tilsett 50 ml Agroxone (MCPA). Svært effektivt mot vassarve og fleire andre ugras, og er svært billeg. Veksten stoppar raskt opp, men det tek nokre dagar før du ser verknaden. I praksis blir det og brukt i blandingar der også kvitkløver inngår. Pass på doseringa på 0,75 gram pr. dekar. Skal du avvike frå denne doseringa, så bør du går nedover og ikkje oppover. Praksis syner god verknad på 0,60 gram pr. dekar. Lågare dose kan vere «snillare» med kløver.

Høymolemiddelet Gratil 75 WG er og aktuelt i attlegg, spesielt der du har mykje høymole spirt frå frø, eventuelt der høymoler spirer opp frå røter i attlegget. Dosering er 2 gram pr. dekar, også her med 50 ml Agroxone i tillegg.

Det finst også nokre få andre middel og kombinasjonar som kan vere aktuelle.

Frospirt hoymole i attlegg 2019 DAE
Hoymole 2
Frøspirt høymole og høymole spirt frå røter i attlegget. Bruk av Gratil er rådet i desse tilfella.
Frospirt vassarve Bu 2024 KOH
20240612 110830red
Vassarve i svært tett bestand. Express 50 SX er svært effektivt mot vassarve.
20240530 124951
Meldestokk er eit frøugras som er svært lett å hanskast med i attlegg.

Attlegg utan kløver

Når kløver ikkje finst i frøblandinga, så har du berre graset å ta omsyn til. Difor er spelerommet større når det gjeld val av middel. Også her er middelet Express 50 SX sentralt, men med andre kombinasjonar enn i eng med kløver. Den aller rimelegaste løysinga er å bruke Express 50 SX som i attlegg med kløver, men med klebemiddel i staden for Agroxone (MCPA) i tillegg. Denne løysinga er svært god mot vassarve og dei fleste andre vanlege ugras i attlegg. Har du derimot mykje frøspirt høymole eller større høymoleplantar som kjem opp i attlegget, så kan Express 50 SX blandast med eitt av høymolemidla Flurostar/Tomahawk eller Starane XL med ca. 60 ml pr. dekar. Ariane S er eit anna middel som er svært allsidig til bruk i attlegg utan kløver.

Treng du meir rådgiving?

Ta kontakt med ein rådgivar i NLR dersom du har spesielle problemstillingar når det gjeld val av middel mot ugras i attlegg eller i eng og beite

Klikk her for å finne din rådgjevar

Verknadstabell