Det er mange som av ulike årsaker ikkje ønskjer å vere open om at dei strevar med lesing- og skriving. Dette kan igjen føre til at enkelte lager seg ulike strategiar for å skjule sine vanskar i skule- eller jobb samanheng.

Det handlar om å meistre kvardagen

Lese- og skrivevanskar har ingenting med intelligens eller arbeidsevne å gjere. Mange bønder med dysleksi er svært praktiske, løysningsorienterte og dyktige fagfolk – men møter veggen når det blir for mykje skjema og papirarbeid.

Typiske utfordringar ein bonde med lese- og skrivevanskar kan møte:

  • Å lese, og forstå tekst i tilskotsordningar eller regelverk som eigenrevisjon, krav til dyrevelferd, utmarksforvaltning eller andre miljøtiltak.
  • Å skrive eller lese e-postar frå kundar, faglag, kommune eller rekneskapsførar.
  • Å bruke digitale system for driftsstyring som fôrplanlegging, føring av plantevernjournal eller opprette HMS-system.
  • Samarbeid med Innovasjon Norge, Landbruksdirektoratet eller andre landbruksaktørar.

Den gode hjelparen

Det er mange gardbrukarar som løyser dette ved hjelp frå ektefelle, familie eller rådgivaren, men det er også enkelte hjelpemiddel og tilretteleggingar som kan gjere arbeidskvardagen din enklare og meir effektiv.

I heilt vanlege tekstbehandlingsprogram som Word og Google Docs ligg det ein del funksjonar som kan brukast som støtte til lesing og skriving. I Outlook kan du få e-posten din lest opp, i nettlesaren Edge kan søka dine bli lest opp og dokument på papir kan du laste inn i ulike appar som les opp teksten for deg.

Med riktig hjelpemiddel, kan du:

  • Sende e-post og søknad sjølv.
  • Følgje med på regelendringar utan å vere avhengig av andre.
  • Dokumentere drift og dyrevelferd på ein enklare måte.

Så kva hjelpemiddel kan du som bonde nytte deg av?

Her ligg ei litt meir utfyllande liste med informasjon om ulike hjelpemiddel du har tilgang til, men hugs på at dette kan variere for ulike merker og produkt. Kanskje har du andre funksjonar du brukar? Då vil vi gjerne høyre om dei!

1. Opplesing av tekst

Appar eller innebygde funksjoner på pc, nettbrett eller telefon kan lese opp tekst frå nettsider, e-poster eller dokument. Dette kan vere nyttig når du skal forstå offentlege skriv eller brukarrettleiingar.

  • Underteikna arbeider på ein ThinkPad, der skjermlesar funksjonen for pcen ligg på «Innstillingar», «Tilgjengelegheit» og «Skjermlesar». Her kan du endre stemme, hastigheit og lære hurtigtastar som du kan bruke for å enkelt skru funksjonen av og på. Det er nok litt vane, og øving som skal til for å bruke dette systemet, men det eit godt verktøy når du har utfordringar med å plukke opp essensen i teksten.
  • For å bruke opplesing i Edge-nettlesar, opnar du opp edge-nettlesar. Skriv inn lenke som www.bondeboka.no. Klikk så på dei tre prikkane i høgre hjørne. Klikk på «Flere verktøy». Klikk på «Les høyt». Vel norsk bokmål som stemmealternativ i høgre hjørne. Teksten på sida du er på, vil no bli lest opp.

2. Tale-til-tekst

Ved hjelp av talegjenkjenning kan du snakke i staden for å skrive. Appar eller mobilens dikteringsfunksjon, vil la deg sende tekstmeldingar, skrive notat eller fylle ut skjema munnleg.

  • Når du arbeider i Word, kan du klikke på «Hjem» og «Dikter». Maskina vil då skrive inn det du seier, hugs på å seie teikn og bruk tydeleg stemme for å få teksten riktig.

3. Stavekontroll og skrivehjelp

Ved hjelp av appar med tilpassa rettskrivingsstøtte og forslag til ord får du hjelp til rettskriving når du må skrive e-poster eller notat.

  • Når du arbeider i Word, kan du klikke på «Se gjennom» for å finne stavekontroll og grammatikk. Her kan du finne forslag til ord som er skrive feil i din tekst.

4. Bruk av lyd og bilete i notat

Det er mange bønder som tek notat når dei er ute i felt. Ulike appar lar deg ta bilete, gjere lydopptak og skrive ned beskjedar på ein enkel måte. Slik kan du lage eit bra system for å loggføre aktiviteten du har ute i felt.

Gå gjerne inn på Lese- og skrivestøtte | Kunnskapsbanken, for å lese meir om appar og ulike måtar for tilrettelegging i kvardagen.

Du har rett på tilrettelegging – også som bonde.

Enten du er sjølvstendig næringsdrivande eller tilsett i landbruket, har du rett på hjelp.
Nav Hjelpemiddelsentral kan bidra med:

  • Utprøving og utlån av tekniske hjelpemiddel.
  • Opplæring i bruk.
  • Rettleiing om rettigheiter og støtteordningar.

Om du er tilsett på ein gard, kan arbeidsgivar søke om hjelpemidlar og tilretteleggingstiltak. Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande, finnes det eigne ordningar for hjelpemidlar i arbeidet (gjennom NAV).

Gå gjerne inn på Har lese- og skrivevansker - nav.no for å lese meir om hjelpemiddel.

Konklusjon: Bruk teknologien – søk støtte

Teknologi kan være til stor hjelp for bønder med lese- og skrivevanskar. Du treng ikkje å gjere alt aleine, det er hjelp å få. Du kan få hjelp av Nav, kommune, landbruksrådgivar og fagmiljø.

Opplys din rådgivar om at du har lese – og skrivevanskar, så kan de i lag, lage ein strategi for korleis du best kan få overlevert informasjonen. Telefonsamtale eller e-post? Teams-møte eller fysisk? Du kan også kontakt rådgivingstenestene eller leverandøren, for å høyre om det er mogeleg å tilpasse teknologiskutstyr eller styringssystem du er avhengig av.

Ta kontakt med dit Nav-kontor eller HMS-rådgivar om du ønskjer hjelp til å søke om hjelpemidlar for tilrettelegging inn mot lese- og skrivevanskar.

Å be om hjelp, er ikkje eit svakheitsteikn – det er ei styrke å bruke dei verktøy som gjer jobben lettare.