Finansiert av NIBIO som har utprøvingsoppdraget frå firmaet NORDOX.

Formål

Frukttrekreft (Neonectria ditissima) er ei av våre store utfordringar med redusert trehelse, tredød og kvalitetssjukdommar på epla i eplefelt. Koparpreparat er kjent for å hindre og redusere omfanget av frukttrekreft. Det blir i dette forsøket prøvd ut eit nytt preparat med mindre koparinnhold enn Nordox 75 WG.

Framgangsmåte

Feltet er sprøytt med sopp og skadedyrmiddel som vanleg av feltvert med unntak av kopar vår og haust.


Tabell 1: De ulike behandlingene og tidspunkt for sprøyting.

Behandling

Preparat

Preparat pr. daa

Tidspunkt*

1. Usprøyta kontroll

-

2. Nordox 45 WG

Kopar (I) oksid og zink

100 g

A,B,C

3. Nordox 75 WG

Kopar (I) oksid

60 g

A,B,C

*A: Knoppsprett(18/4), B: 30 % bladfall (23/10), C: 90 % bladfall (4/12). Tidspunkt C vart ikkje gjennomført sidan det var frost og sprøyteutstyret fungerte ikkje.

Det er brukt trillebårsprøyte og sprøyta til avrenning, om lag 360-480 liter pr daa. Sprøytetrykket var 6 bar.

  • Sprøyterute: 15 tre med to buffertre
  • Registreringsrute: 15 tre
  • Gjentak: 4

Registreringar

Ved oppstart før sprøyting på våren (16. april) og etter skjering haust (16.august) vart det notert kor mykje frukttrekreft det var på kvar av forsøkstrea.

Forsokstrea ved oppstart pa varen Elstar har mykje lauv som heng igjen pa trea pa varen Foto Gaute Myren
Bilde 1: Forsøkstrea ved oppstart på våren. ‘Elstar’ har mykje lauv som heng igjen på trea på våren. Foto: Gaute Myren

Det vart også registeret kor på treet såret var, i grunnstamme, på hovudstamme eller sidegreiner. På ettersommaren vart det leita etter nye kreftsår. Då vart kreftsår på sidegreinene fjerna, medan sår på hovedstamma vart værande på treet. Våren 2025 skal det på nytt sjekkast for nye frukttrekreftsår.

Etter registrering har kreftinfeksjonar på sidegreiner vorte fjerna frå feltet. Kreftsår i hovedstamma har derimot ikkje vorte behandla, ved start av forsøket hadde 42% av trea hovudstammesår. Det er difor stort smittepress i feltet og stor sjanse for at nye plantedelar blir infisert. Hausten 2024 var 14% av trea i forsøket daude.

Det som var av frukttrekreft på sidegreiner ved start av forsøket vart fjerna, totalt 88 kreftsår på dei 180 trea. Vidare vart det fjerna 67 kreftsår hausten 2023. I 2024 vart det kun fjerna to kreftsår om våren og 14 om hausten. Det er sannsynleg at dei som vart fjerna hausten 2024 har vorte danna etter at tiltaka starta i hagen.

Totalt for 60 usprøyta tre var det ni kreftsår totalt, medan det i gjennomsnitt for dei to koparbehandlingane var 2,5 kreftsår fjerna frå 60 tre. Det vert interessant å sjå kor mange kreftsår som utviklar seg i 2025.

Trekreft Gaute Myren
Bilde 2: Inntørka og dødt fruktputeskott. Skottet har truleg fått infeksjon av frukttrekreft. I etterkant kjem det sekundære soppar, eks. dei kvite sporehusa på skottet. Foto: Gaute Myren

Diskusjon og konklusjon

Artikkel i Norsk Frukt og bær 6/2024 viser resultat frå sprøyteforsøk i Tyskland der desse to koparpreparata vart testa ut. Våren 2026 veit me om det vert same resultat i Norge. Uansett viser forsøket at det er viktig å fjerne frukttrekreft i felt for å unngå infeksjon av nye plantedelar.