Bakgrunn
Desse frøblandingane er nytta i forsøket:
• Fiskå nr. 23 – 100 % fleirårig raigras
• FKRA Spire Pluss 90 – 90 % fleirårig raigras, 10 % kvitkløver
• FKRA Spire Strandsvingel – 75 % strandsvingel, 15 % timotei, 10 % raigras (endra litt samansetning og namn i ettertid)
• Fiskå nr. 27 – 50 % strandsvingel, 20 % raisvingel, 10 % engsvingel, 10 % engrapp, 10 % kvitkløver (endra litt samansetning i ettertid)
• Barolex – strandsvingel i reinbestand
Feltet blei sådd i august 2022 på Særheim, og hausteregistreringar blei gjort dei tre påfølgjande åra. Strandsvingelblandingane etablerte seg litt seinare enn raigrasblandingane, som venta ut frå tidlegare forsøk og erfaringar. I første hausteår blei berre mengd avling registrert, medan dei to neste åra blei det i tillegg sendt inn prøvar til kvalitetsanalyse, av alle frøblandingane frå alle slåtter. Analysekostnadane blei dekka av Felleskjøpet Rogaland Agder.
Fyrsteslåtten i fireslåttsregime blei teken rundt 20.-25.mai, medan førsteslåtten i treslåttsregime blei teke ei dryg veke seinare, det vil seie i byrjinga av juni.
Deretter blei fireslåttsrutene slått ca. kvar femte veke, medan treslåttsrutene blei slått omlag kvar sjette-sjuande veke. I alle hausteår blei den siste slåtten teken samtidig på alle rutene, uavhengig av slåttesystem, vanlegvis i midten av september. Når det gjeld gjødsling, fekk rutene med tre slåtter totalt 28 kg/daa nitrogen gjennom sesongen (15 + 10 +3), medan rutene med fire slåtter fekk totalt 33 kg nitrogen (15 + 9 + 6 + 3). Skilnaden i nitrogengjødslinga mellom tre og fire slåtter var 5 kg nitrogen per dekar og utgjer 18,5 kg vare NS-gjødsel (27% nitrogen) per daa fordelt på slåttane. Feltet blei i 2023 unntaksvis gjødsla litt svakare, men nokså tilsvarande skilnaden mellom tre- og fireslåttsruter.

Resultat
Hausteresultata viser reduksjon i tørrstoffavling frå tre til fire slåtter, og nedgangen i avling var sikker. I gjennomsnitt var det ein avlingsnedgang frå tre til fire slåtter på ca. 10 prosent. Men det var ingen sikker skilnad på strandsvingelblandingane og raigrasblandingane. Avlingsnedgangen stemmer godt med tidlegare berekningar. I andre forsøk som er gjort med timoteidominerte blandingar mellom anna på Agder, har nedgangen i avling vore større.
Når ein ser på avling opp mot produserte fôreiningar, finn me ingen sikker skilnad på tre og fire slåttar. Den delen av avlinga som nyttast til å fylle dyras energiopptak går ikkje ned ved ein ekstra slått. Her har tre av sortane vist ei auke i produserte fôreiningar, mens to har vist ein nedgang. Alt i alt er endringane så små at ein her kan snakke om ei bevaring av talet på fôreiningar ved å gå frå tre til fire slåttar.
Når tørrstoffavlinga er lågare samtidig som at avlinga har same tal fôreiningar, betyr det at ein får et meir konsentrert fôr. FEm (fôreiningar mjølk) per kg TS (tørrstoff) ligg ved tre slåttar på 0,89 (fôr), men ved fire slåttar på om lag 0,95. Det er store skilnader mellom raigras og strandsvingel. Minst i treslåttsystemet, men særskilt førsteslåtten hadde lågare konsentrasjon av fôreiningar enn hjå raigraset. I fireslåttsystemet har raigraset ein slåttekvalitet i gjennomsnitt på 0,97 FEm, medan strandsvingel har ein kvalitet på 0,91FEm. Skilnadene skuldast at strandsvingelen har ei tidlegare utvikling samanlikna med raigras, og (i praksis) burde ha vore slått tidlegare.
Proteinavlinga er høgast i fireslåttsystemet. I gjennomsnitt har proteinavlinga auka med 30 kg per dekar frå tre til fire slåttar, og konsentrasjonen auka frå om lag 13,8 prosent -16,7 prosent råprotein, ei auke på knapt tre prosentpoeng. Det er ein tendens til at den største aukinga i protein var i blandingane med raigras. Det som også er interessant med dette er at betringa av råproteinet er innanfor eit nivå som kan nyttast av høgtproduserande dyr.
Oppsummering
Tidlegare utrekningar (JK. Henriksen, 2025) syner at vi må ha ei betring på 0,03 FEm per kg TS om ein går frå tre til fire slåtter, om fire slåttar skal vere lønsamt når avlinga i tal fôreiningar haldast oppe. I begge år med kvalitetsprøver hadde vi ei betring av kvaliteten (høgare enn dette,) i gjennomsnitt på om lag 0,06 FEm. Av 25 første-, andre- og tredjeslåttar var om lag 90 prosent av desse over denne kritiske verdien.
Det kan vere at noko av nedgangen i tørrstoffavling kunne vore unngått med høgare gjødsling mot slutten av sesongen, og då særskilt for blandingar med strandsvingel som i større grad held oppe avlingane seint i sesongen. I praksis er det svært mange faktorar som speler inn på om ein bør ta tre eller fire slåttar. Ein viktig faktor å tenkje over er tilgjengeleg grovfôrareal . Som resultata i forsøket peiker mot får ein ei høgare tørrstoffavling med tre slåttar, medan total fôreiningsavlinga er nokså lik om ein tek tre eller fire slåttar. Ved fire slåttar vil ein dermed oppnå eit meir fordøyeleg grovfôr, med høgare energikonsentrasjon og meir protein. Dette gjer rom for auka mjølkeyting og/eller sparte kraftfôrkostnadar og rimelegare kraftfôrslag.
I vurderingane ved ei eventuell omlegging frå tre til fire slåttar må ein også tenkje over kva jord og grasarter ein har, og kor lang vekstsesongen er i området. Ein lang vekstsesong, køyresterk jord og bladgras som raigras eller strandsvingel gjer at forholda ligg til rette for å lykkast med fleire slåttar. Likevel kan været gjer at ein må endre strategi undervegs i sesongen, til dømes ved ein ekstra sein førsteslått, som ein opplever nokre stader i år. God agronomi, med jamleg fornying av eng , god drenering og høg pH er viktig uavhengig av slåttesystem, og spesielt ein viktig føresetnad i eit intensivt fireslåttsregime.





