Les om nokre av dei som har delteke:
Etter eit treårig, vellukka prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart Mentorordninga i landbruket landsdekkande i 2020. I 2021 deltok 131 mentorpar frå heile landet, og i 2022 er talet 136.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.
Alle mentorpar er tilknytte ein regionkontakt i NLR. Før dei set i gang får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere/ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtes.
Mentorpara inngår ein avtale som inneber kommunikasjon og møter gjennom eitt år. Mentor får godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for ny bonde.
– Mentorordninga har fungert veldig godt. Mange har nytta seg av tilbodet og hatt stort utbytte av å delta. Dette er eit gjennomarbeida opplegg med opplæring av mentorar, samlingar og oppfølging gjennom året, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.
Ho meiner det er eit godt tilbod til alle som er nye i landbruket, og oppmodar alle ferske bønder til å søkje.
– Du får gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som får godtgjersle, seier Mette Feten.

Mette Feten oppmodar erfarne bønder til å melde seg som mentorar.
– Vi treng fleire dyktige bønder som kan dele av sin kompetanse, seier Feten.
Trur du dette kan være noko for deg, er søknadsfristen for Mentorordninga i landbruket 1. desember for påfølgjande år.
Søk om å delta i Mentorordninga i landbruket i 2023
Retningslinjer for Mentorordninga i landbruket

Regionkontakter for Mentorordninga i landbruket:
Nord-Norge: Knut Alsaker, NLR Nord Norge, 951 32 554, knut.alsaker@nlr.no
Trøndelag: Torhild Svisdal Mjøen, NLR Trøndelag, 955 57 932, torhild.svisdal.mjoen@nlr.no
Møre og Romsdal: Gunn Randi Fossland, Landbruk Nordvest, 958 74 243, gunn.randi.fossland@nlr.no
Vestland: Leif Trygve Berge, NLR Vest, 982 45 839, leif.trygve.berge@nlr.no
Rogaland: Lene Marie Hustveit, NLR Rogaland, 475 03 310, lene.marie.hustveit@nlr.no
Agder: Knut Sigurd Haugå, NLR Agder, 913 60 016, knut.sigurd.hauga@nlr.no
Buskerud og Telemark: Trude Flatland, NLR Østafjells, 920 24 385, trude.flatland@nlr.no
Vestfold: Knut Olav Omholt, NLR Viken, 922 00 180, knut.olav.omholt@nlr.no
Østfold og Akershus: Ole Henrik Lauritzen, NLR Øst, 481 63 087, ole.henrik.lauritzen@nlr.no
Innlandet: Siv Nordseth, NLR Innlandet, 911 69 002, siv.nordseth@nlr.no
Prosjektleder: Mette Feten, NLR, 957 52 236, mette.feten@nlr.no