I NLR Vest har vi system der vi fangar opp kven av medlemane som ha nye jordprøver. Dette gjeld om du har dei nyaste jordprøvene frå 2015 eller tidlegare. Då er jordprøvene 8 år eller eldre, og må fornyast. Vi tek kontakt og avtalar eit besøk i løpet av hausten.

I tillegg til dei som må ta nye jordprøver p.g.a. alder på prøvene, så er det mange andre som også bør/må ta nye jordprøver. Dette gjeld om du har ny leigejord, om du har ei stor drift med svært mange skifte og kanskje litt for få nye prøver frå før.

Vi tilbyr full fornying av gjødslingsplanen kvart 4. år. Dersom du har ein gjødslingsplan som sist blei laga av NLR Vest i 2020 eller tidlegare, så vil du også få tilbod om å ta nokre nye jordprøver i haust. Vi har lister over dei vi veit må ha nye prøver og kven vi vil tilby nye prøver. Vi kan derimot ikkje vite alt om ny leigejord og om andre årsaker til at du vil ha jordprøver i haust. Difor ynskjer vi at du melder deg på her. Det betyr ingenting om du alt står på liste hjå oss.