Rådgivingstilbud

10.02.2015 (Oppdatert: 29.06.2016) ,  Mette Feten Graneng

 

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har utvikla ei rekke felles rådgivingstilbod innan fleire fagområde. Målet er eit betre og meir likt rådgivingstilbod i heile landet, samt kompetansebygging og -deling i organisasjonen.

NLR sentralt har ansvar for utvikling av felles rådgivingstilbod med god hjelp frå mange dyktige rådgivarar i heile landet. Alle rådgivingstilboda er basert på god fagleg kompetanse hos rådgivar, samt opplæring i det enkelte rådgivingstilbod.

Felles rådgivingstilbod er kjenneteikna med at dei har NLR først i namnet.

Samarbeid om utvikling

Utviklingsarbeidet starta i 2013 på oppdrag frå dagleg leiarar i dei største einingane i NLR. Fleire felles rådgivingstilbod har sitt utgangspunkt i vellukka rådgivingstilbod i enkelte rådgivingseiningar over lang tid. Vidare utvikling av desse er basert på tilbakemeldingar og evalueringar.

Til no er det utvikla felles rådgivingstilbod innan fagområda bær, frukt, grovfôr, grønsaker, HMS, korn, kulturlandskap, potet, økologisk og økonomi. Sjå meny til høgre.

Utvikling av nye og eksisterande rådgivingstilbod

Ei rekke nye rådgivingstilbod innan fleire fagområde er under utvikling, utprøving og evaluering. Alle i organisasjonen kan bidra til utvikling av nye, felles rådgivingstilbod. Fagutvala, fagkoordinatorer og prosjektleiarar er sentrale i arbeidet.

Eit godt rådgivingstilbod skal vere dynamisk og tilpassa behovet til den enkelte bonde.

 

Kontakt Mette Feten Graneng, mette.feten.graneng@nlr.no, om du har spørsmål, kommentarar eller forslag.  

 

Kriteriar for felles rådgivingstilbod frå NLR:

  • Rådgivingstilbodet er utvikla og godkjent av NLR sentralt
  • Rådgivingstilbodet skal berre gjevast av NLR-rådgivarar 
  • Rådgivingstilbodet krev opplæring av rådgivar før gjennomføring
  • Rådgivingstilbodet skal ikkje gjevast delvis
  • Rådgivingstilbod som vert støtta økonomisk frå NLR sentralt skal ha same pris i heile landet

   

Noko for deg?

Vurderer du omlegging til økologisk drift, kan du bestille NLR Økologisk Førsteråd.

Er du usikker på kva du skal driva med på garden din i framtida, kan det vera lurt å få ein gjennomgang med NLR Dynamisk Strategi.

NLR Rådgivingsavtale er eit tilbod om skreddarsydd rådgiving tilpassa din produksjon.

Mange likar å møtast i faste grupper gjennom sesongen både for det sosiale, for å utveksle erfaringar og læra noko nytt. Innan fagområda frukt, bær, grønsaker, potet og økologisk er det tilbod om NLR Grupperåd der ein fortrinnsvis møtes ute på åkeren, jordet eller feltet.

Det kan vere lett å gløyme seg sjølv i ein travel kvardag. Det fins ei rekke svært viktige tilbod frå NLR HMS der du er i sentrum.