Rådgivingstilbud

(Oppdatert: 08.10.2019)

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har utvikla ei rekke felles rådgivingstilbod innanfor fleire fagområde. Målet er eit betre og meir likt rådgivingstilbod i heile landet, samt kompetansebygging og -deling i organisasjonen.

NLR Sentralt har ansvar for utvikling av felles rådgivingstilbod med god hjelp frå mange dyktige rådgivarar i heile landet. Alle rådgivingstilboda er basert på god fagleg kompetanse hos rådgivar, samt opplæring i det enkelte rådgivingstilbod.

Felles rådgivingstilbod er kjenneteikna med at dei har NLR først i namnet.

 

Samarbeid om utvikling

Utviklingsarbeidet starta i 2013 på oppdrag frå dagleg leiarar i NLR-einingar. Fleire felles rådgivingstilbod har sitt utgangspunkt i vellukka rådgivingstilbod i enkelte NLR-einingar over lang tid. Vidare utvikling av desse er basert på tilbakemeldingar og evalueringar.

Det utvikla felles rådgivingstilbod innanfor fagområda bær, frukt, grovfôr, grønsaker, HMS, korn, kulturlandskap, poteter, økologisk og økonomi. Sjå meny til høgre!

 

Utvikling av nye og eksisterande rådgivingstilbod

Nye rådgivingstilbod innanfor fleire fagområde vert utvikla, utprøvd og evaluert. Alle i organisasjonen kan bidra til utvikling av nye, felles rådgivingstilbod. Fagutval, fagkoordinatorer og prosjektleiarar er sentrale i arbeidet.

Eit godt rådgivingstilbod skal vere dynamisk og tilpassa behovet til den enkelte bonde.

 

Kriteriar for felles rådgivingstilbod frå NLR:

  • Rådgivingstilbodet er utvikla og godkjent av NLR sentralt
  • Rådgivingstilbodet skal berre gjevast av NLR-rådgivarar 
  • Rådgivingstilbodet krev opplæring av rådgivar før gjennomføring
  • Rådgivingstilbodet skal ikkje gjevast delvis
  • Rådgivingstilbod som vert støtta økonomisk frå NLR sentralt skal ha same pris i heile landet


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.