Ung spire av kvein Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Ung spire av kvein. Men korleis kan ein sjå det? Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Å skilje dei ulike grasa frå kvarandre er ikkje noko ein lærer seg over natta. Men med tolmod, og litt bakgrunnskunnskap om kva ein skal sjå etter, kan dei fleste greie å skilje dei vanlegaste grasa frå kvarandre. Sjølve bladet vil alltid kunne gi ein god indikator på kva gras me har framfor oss. Men òg korleis det nyaste bladet skyt, og korleis det ser ut i overgangen frå stengel til blad vil gi gode indikasjonar på kva gras me ser på. Det er ikkje alle kjenneteikna som er like lette å få auge på, og ofte må ein kombinere fleire kjenneteikn samt bruke elimineringsmetoden for å vere sikker.

1. Det yngste bladet/bladstilling i skotet

Det fyrste ein kan nytte for å skilje dei ulike grasa er å sjå på det yngste bladet; det bladet som er på veg til å skyte opp. Dette kan spire på to ulike måtar. Det kan komme opp samanrulla som ein skriftrull eller det kan vere bretta på midten. (Sjå foto under.) Ein seier at bladet er bretta eller rulla i skotet. Dette visast berre i tida før graset skyt. For rapp, raigras og raudsvingel er bladet bretta i skotet, medan for kvein er dette bladet rulla. Timotei, strandrøyr og kveke har òg rulla blad i skotet.

2. Kjenneteikn på sjølve bladet

Dersom ein ser etter, vil sjølve bladet variere mellom grasartane. Ulike kjenneteikn kan vere om bladet er flatt eller har ein tydeleg kjøl. Er det tydelige parall elle ribber i graset eller er bladplata slett? Går tuppen av bladet opp i ein "båtbaug" (rapp)? Er bladet stivt eller mjukt? Er bladet glatt eller kjenner ein at bladet er har ei ru overflate? Dette kjenner ein stort sett dårleg med hendene, men dersom ein dreg bladet langs leppa er det lettare å kjenne.

3. Kjenneteikn i overgangen mellom blad og stengel

I overgangen mellom blad og stengel er det mange detaljer ein kan sjå på for å skilje grasartane. Her er fagtermane slirehinne, bladslire og bladøyrer sentrale (sjå bilde under). På ein del grasartar kan ei sjå ei kvit hinne som følger stengelen rett ovanfor punktet der bladet skyt ut frå stengelen (sjå bilde). Dette kallar me slirehinna. Lengda på denne varierer frå 0,2 mm til 12 mm.

På enkelte gras er det små fliker som i større eller mindre grad går frå bladet og omsluttar stengelen. Dette kallar me bladøyrer. Verken rapp, kvein eller raudsvingel har bladøyrer, men raigras har desse.

Dersom ein ser etter, vil ein sjå at stengelen kjem ut av ei slire der bladet forlèt stengelen. Dette kaller me bladslira (sjå bilde). Utforminga på denne vil òg variere mellom grasartane. Raudsvingel vil til dømes ha ei meir lukka bladslire enn kvein som har ei svært open bladslire.

Kjenneteikn på dei vanlegaste grasa:

Kjenneteikn kvein Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Kjenneteikn rapp Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Kjenneteikn gras Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Kjenneteikn raudsvingel Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar