Del 1
Sesongvariasjon
Utfordringa med beitinga er å regulere grastilgangen og oppretthalde kvaliteten utover sommaren.
-På våren bør graset vere mellom 12-15 cm ved beiteselepp. Om det vert for mykje gras om våren bør ein planlegge å høste 25-50 % av beitearealet maskinelt.
-Utover høsten kan det bli for lite gras og ein må ha tilleggsfôring, dvs. større beiteareal eller tilskot av anna grovfôr frå august.
-Raigrasbeiter vil ha større gjenveksten og betre kvaliteten utover høsten enn vanleg eng.
Beitestrategiar
Ein kan nytte ulike strategiar i beitinga, alt etter tilhøva på garden, og brukaren sine ynskjer. Kontinuerlig beite: Heile beitet er eit stort skifte. Graset bør vere mellom 6 og 10 cm høgt og utnyttingsgraden blir rundt 50 %. Ein får lite trakkskader og dette er lite arbeide. Mengda gras verte mindre og kvaliteten gå ned utover beitesesongen. Stor parasittsmitte-risiko.
Styrt kontinuerleg beite: Eit stort skifte, men som i motsetning til kontinuerleg beite blir regulert med å gjerde ifrå delar av skiftet etter dyra sitt behov for grovfôr. Graset bør vere mellom 6 og 8 cm og utnyttingsgraden er noko høgare enn utan regulering. (Gamlare beiter kan beitast ned til ca. 4 cm, heile sesongen)
Skiftebeite: Beitet blir delt inn i fleire skifter som blir beite på rundgang. Beitehøgda bør vere 12-15 cm (max 20cm) og utnyttingsgraden ligger på 60-70 %. Utover i sesongen bør graset vere 15-20 cm. Det er viktig å tilpasse antall skifter og beitetida på kvart skifte med veksten på graset. 6-8 skifter og 2-4 dagar per skifte kan vere en rettesnor, (alle skiftene blir beita inna 2 veker). Med mange og mindre skifter får ein høgare utnyttinggrad! Tal skifter/beitearealet må aukast utover sesongen. Etterbeitarar som lågtytande kyr, gjeldkyr, kviger eller sauer kan erstatte beitepussing.
Stripebeiting: Flytting av gjerde og ny tilgang på friskt gras daglig. Dette er meir arbeidskrevjande , utnyttingsgraden er på 70 %. Dette krev artar som tåler tråkk godt. Er skiftet stort bør bakgjerde brukast.
Alt areal bør pussast 1-2 gonger per sommar.

Arealbehov
4 daa per ku på gode beiter i en 100-dagers beiteperiode. Skal ein beite på natta i tillegg bør ein opp på 6 daa/ku (30 % høgare tørrstoffopptak). Men desse tala vil variere mykje med beiteregime, beitekvalitet, lengde på beiteperiode og mengde tilleggsfôr.
Beitemetode | Utnytt-ingsgrad | Veksttilhøve | Husdyrgjødsel | Styring av planteveksten |
Kontinuerleg beiting | ca 60% | Kvitkløver trivst godt. Moderat N-gjødsling. Ugrasproblem. Følsamt for vassmangel | Evt.spreiing tidleg om våren. Stor parasittsmitte-risiko, da dyra beiter kontinuerleg | Små krav til styring, lite arbeid med gjerding, og rolege dyr. Bør pussast. |
Regulert kontinuerleg beiting (utvider arealet etter kvart) | 80% | Kvitkløver trivst godt. Lite N-gjødsling. Ugrasproblem. Følsamt for vassmangel. | Evt.spreiing tidleg om våren. Stor parasittsmitte-risiko, da dyra beiter kontinuerleg. | Store krav til styring, lite arbeid med gjerding, og rolege dyr. Bør evt.pussast. |
Skiftebeiting | 60-90% | Kvitkløver trivst middels godt. Moderat N-gjødsling. Ugrasproblem kan forekomme. Mindre følsamt for vassmangel. | Evt.spreiing tidleg om våren. Redusert parasittsmitte-risiko. | Moderate krav til styring, noko arbeid med gjerding. Litt urolege dyr. Bør pussast. |
Stripebeiting | ca 80% | Kvitkløver trivst middels godt. Moderat N-gjødsling. Skjeldant ugras. Mindre følsamt for vassmangel. | Evt.spreiing tidleg om våren. Redusert parasittsmitte-risiko. | Moderate krav til styring, ein del arbeid med gjerding. Meire urolege dyr. Bør pussast. |
Slått og beiting | ca 80% | Kvitkløver trivst mindre godt. Sterkare N-gjødsling. Små ugrasproblem. Mindre følsamt for vassmangel. | Spreiing om våren. Lite parasittsmitte-risiko. | Små krav til styring fram til 1.slått, arbeid med gjerding. Dyra sin Åtferd er avhengig av beiteform. Evt. pussing. |
Nullbeiting | 80-90% | Kvitkløver trivst dårleg. Sterk N-gjødsling. Små ugrasproblem. | Spreiing før etablering. Ingen parasittsmitte. | Lite krav til styring. Dagleg innhausting. |
Silofôring | ca 80% | Kvitkløver trivst dårleg. Sterk N-gjødsling. Ugrasproblem ? | Husdyrgjødsel kan brukast før kvar slått. Ingen parasittsmitte. |