Kva må til?

No er ikkje det berre å knipse med fingrane, så kjem mjølka strøymande, men for dei der forholda ligg til rette, er det mogeleg å auke produksjonen.

Der er to alternativ:

  • Høgare produksjon på dei kyrne vi har til disposisjon
  • Fleire dyr i produksjon

Alternativ B forutset at ein har plass til å ha fleire dyr i produksjon, men er der ledig plass er det ei enkel løysing å behalde gamlekua (som var planlagt utsjalta) i produksjon også etter at kviga har kalva. Er ein så heldig å få kjøpt inn kyr i produksjon /kalveferdige kviger, må vel det seiast å vere svært aktuelt.

Uansett vil begge alternativa krevje meir fôr- grovfôr og/eller kraftfôr

I det vidare vil vi drøfte nokre eksempel på korleis dette kan løysast.

Utnytt produksjonspotensialet på beiteareala.

Beite sesongen varierer rundt i landet, men dei fleste kan nok rekne minst 2,5 mnd lang beiteperiode frå no av. Tenk gjennom om du kan intensivere drifta av beiteareala/forlenge beitesesongen.

  • Intensiv beitedrift krev system; pussing og gjødsling.
  • Såkalla skiftebeiting vil i dei fleste tilfelle gje best utnytting av beiteareala. Aktuell kviletid er om lag 21 – 24 dagar. Areala bør pussast minst eitt par gongar i løpet av sesongen. Det må skje rett etter at dyra er flytta over på nytt areal. Gjødsling må også skje rett etter at dyra er flytta.
  • Det er endå tid til å så haustrug/raigras for å få godt beite utover sesongen.
  • I delar av landet opplever vi at grassvoren var tynn i vår. For å auke avlingane på beiteareala utover ettersommaren vil det absolutt vere aktuelt å så inn raigras (italiensk eller westerwoldsk), eller ev rug. Dett vil kunne gje større avlingar, og forlenge beitesesongen.
  • Det bør også vurderast om ein kan bruke meir kraftfôr i beitepeioden.

Vart det lite grovfôr på førsteslåtten?

  • Mange registrerer små avlingar på første slåtten. Det kan vere ei bekymring for om det blir nok grovfor til inneforingssesongen. No er det gode vekstforhold for graset, slik at det skal ligge godt til rette for brukbar avling ved komande slått. For dei som skal ta tre slåttar kan vere aktuelt å utsette andre (og tredje-) slått ei vekes tid i forhold til planlagt, for å skaffe meir tørrstoffavling til inneforingssesongen. Så må ein bruke nok kraftfôr tilpassa grovformengde og grovfôrkvaliteten til å oppnå optimal økonomisk mjølkeyting.
  • Kraftfôrleverandørane har blandingar som gjer at ikkje er noko problem å bruke både 40 eller 50% kraftfôr i fôrrasjonen til mjølkekyr.

Ein bør også vurdere å nytte mjølkepulver til kalven i staden for mjølk frå kua, i alle fall i perioden med høg pris på mjølka.

Lønner det seg?

  • På kort sikt trengs det vel ingen bedriftsøkonom til for å skjønne at alt du kan gjøre for å auke produksjonen på de kyra du har til disposisjon er det god lønnsomhet i, så fremt ikkje kostnadene til variable kostnader som fôr mv overstiger melkeprisen og det ikkje går utover din egen maksgrense for arbeidskapasitet.
  • En del melkebønder har en krevende likvid situasjon og må ta med margialrentene på å eventuelt kjøpe inn nye og fleire dyr i produksjon samt andre investeringer det kan medføre. Det er viktig å se mulighetene og potensialet som ligger i markedet nå, men la det være gjennomtenkt og realistisk for deg som bonde og bedriftsleder.