Me har brukt verktøyet NLR-Grovfôrøkonomi og har gjennom prosjekta «Grovfôr i fokus» og «TELEBU grovfôrøkonomi» fått ein base på om lag 50 gardsbruk der me har rekneskapstal for 2020 og 2021. Gardsbruka ligg i Buskerud, Telemark og Nord-Norge. Ni av dei har silolinje og 41 av dei har rein rundballelinje. Eit viktig funn frå desse prosjekta er at både rundball og silo vil kunne gje deg eit rimeleg grovfôr. Uavhengig av haustelinje er høge avlingar og «reindyrking» av ei haustelinje viktigaste faktor for rimeleg grovfôr. Låge tap av avlinga gjennom konserveringsprosessen betyr og mykje for ein låg grovfôrpris.

FLEKSIBEL DYRKINGSSTRATEGI

I prosjekta «Grovfôr i fokus» og «TELEBU-grovfôrøkonomi» manglar me gode tal på kor mykje vatn som er blanda inn i husdyrgjødsla. Og om det var skilnader mellom rundballe og silogardsbruka. Tilsetjing av vatn kostar meir enn det smakar – sjølv for dei som har korte transportavstandar. Me har heller ikkje gode tal på om bønder med rundball er meir fleksible og haustar nokre areal meir intensivt, samstundes som dei har meir ekstensivt drivne «tilskotsareal» andre stader. Ein tredje faktor som me ut frå rekneskapstala ikkje kan sjå direkte er om rundballe-gardsbruka eventuelt nyttar meir mineralgjødsel på skifter langt vekk frå driftssenteret. Truleg har rundballebonden betre høve til slike tilpassingar og det ein kan kalle for ein meir fleksibel dyrkingsstrategi. Ein slik fleksibel strategi er vanskeleg å gjennomføre for dei med silolinje fordi alt grovfôret må inn i siloen på kort tid. Gardsbruka med rundball har i snitt lengre transportavstand, lågare avling og lågare dyrkingskostnader (såfrø, mineralgjødsel husdyrgjødsel, jordarbeiding ol) enn dei med silo. Dei med rundball har òg høgare husdyrgjødsel kostnader pr tonn men lågare pr FEm. og litt høgare kostnader til mineralgjødsel enn silo-gardsbruka. Det kan tyde på at rundballe-gardsbruka tilset mindre vatn i møkka slik at dei får færre m3 å handtere.

Samstundes nyttar dei truleg mindre husdyrgjødsel på skifter langt vekk frå garden. Likevel syner tala frå dei 50 gardsbruka som var med i prosjekta at rundballegardsbruka hadde lågast kostnad pr FEm. Med unntak av 2 bruk har alle silo-gardsbruka også rundball inne i grovfôrsystemet sitt i større eller mindre grad. Dei 2 gardsbruka med reindyrka silolinje har 13 øre rimelegare foreiningspris på haustelinja si samanlikna med snittbøndene med rundball.
For kostnader til plast og ensileringsmiddel kjem silo linja gunstig ut. Plastforbruket er vesentleg høgare i rundballelinja, men silolinja må kompensere med mykje meir ensileringsvæske. Totalt er silolinja 33% rimelegare på innsatsmidla plast og ensileringsvæske samanlikna med rundballelinja. Isolert sett ser me at haustekostnadane med silo + innlagring er lågast i siloalternativet. Rundball fôret kostar 0,91 kr/FEm. Silofôret inklusiv hausting, heimtransport og lager kom på 0,85 kr/FEm. Problemet hjå «silo bonden» er at han får ein rundballekostnad på toppen som gjer at totalkostnadane vert 1,21 kr/fem og dermed 33% høgare enn «rundballebonden». Grunnen
til at det blir slik er at rundballebonden har klart å reindyrke haustelinja si.

Grashandtering

STORE TØRRSTOFFTAP VED SILOLEGGING

Åshild Randby er ein av dei fremste grovfôrforskarane i Noreg. Ho har gjennom fleire forsøk over fleire år vist at lagring av fôret i plansilo gjev om lag 13 % tap av fôrverdi, medan tilsvarande normal tap i rundball ligg på 3,8%. Mesteparten er «usynlege tap» – altså tap av tørrstoff. Sjølv rundball som var laust pressa, eller hadde utsett plasttildekking hadde lågare tap enn plansilo. Når det vart kombinert rundball som var laust pressa og utsett tildekking i 20 timar, kom gjennomsnittleg tørrstofftap i rundballen likt ut med plansiloane.

Tabell 1
Tabell 1: Rapport nøkkeltal syner dyrkings- og haustekostnadane for rundball og silo i kr per fôreining.
Tabell 2
der totalt sett til ensileringsmiddel
Figur 1
igur 1: Tørrstofftapet er størt i plansilo og laust pakka rundball som vert plasttildekt etter 20 timar. Normale, raskt pakka rundballar har lågast tørrstofftap.

SURFÔRKVALITET

Dei ulike endeprodukta som produserast under ensileringa brukast som mål på gjæringskvaliteten.

Det har vorte identifisert over 50 ulike gjæringsprodukt som dannast under surfôrgjæringa (Mo et al. 2000), men berre dei mest dominerande vert brukt i kvalitetsvurderinga. Tabell 4 syner dei viktigaste gjæringsparametera, og kva verdiar dei bør ligge på i eit surfôr med tørrstoffprosent under 25 %.

Eit godt gjæra surfôr kan ha inntil 4 gram smørsyre, 12-30 gram eddiksyre, 40-80 gram mjølkesyre og
maks 80 g sum syrer totalt pr kg tørrstoff. Undersøkinga til Åshild Randby på UMB/NMBU synte at rundballesurfôr hadde lågare mengder syrer og dermed meir forsiktig gjæra enn plansilosurfôr. Rundballane hadde høgare pH, mindre mjølke-,eddik- og smørsyre, og mindre etanol enn plansilo- surfôret. Summen av dette gav mykje høgare opptaksindeks på rundballesurfôret. Opptaksindeksen fortel noko om kor mykje me kan forvente at dyra vil ete av grovfôret. Syrebaserte ensileringsmiddel avgrensa gjæringsintensiteten også i rundballar.Etanolgjæringa var noko større i rundballar og var ikkje påverka av syretilsetning, men auka ved utsett tetting. I forsøket året før var same ensileringsmiddel brukt.

Etanolinnhaldet var då lågt i alle slåttar, og aller lågast i plansilofôret. Aerob stabilitet er eit mål på kor lenge surfôret heldt seg stabilt etter at det har vorte utsett for luft. Dette målast ofte i den tida det tek før temperaturen i gras massen stig til over temperaturen i omgjevnadane. Ved f.eks. opning av surfôret for utfôring, eller om det skjer ei skade slik at det kjem luft til, vil det anaerobe miljøet skifte til et aerobt miljø. Aerob stabilitet var litt dårlegare i ballar enn i plansilo. Det var meir sporar i prøver frå plansilo enn frå rundballar, særleg i prøver frå side og aksel på plansiloen.

GEVINST MED SILO

Det er i fôrsentralen gevinsten med silo kjem best fram. Kortare blandetid i fullformiksaren for å rive opp og blande grovfôret samt mindre tidforbruk i høve til å finne fram rundball og «kle av» plast er der det er mest å spare. Silo er gunstig når ein treng eit einsarta grovfôr av same kvalitet. Plansiloen er funne å vere billigare enn rundball i besetningar med meir enn 40 kyr (Gjestang et al 2004). Og den daglege utfôringa vert meir rasjonell i store besetningar når ein vel plansilo. I tillegg er det mykje mindre plastforbruk.

Tabell 3
Tabell 3: Forskjellar mellom haustekostnadane på rundball og silo (kr/FEm).
Tabell 4
Tabell 4: De viktigaste gjæringsparamtera, og kva verdiar dei bør ligge på i eit surfôr med tørrstoffprosent under 25. 1 <2 dersom det ikkje har vorte tilsett ensileringsmiddel som inneheldt propionsyre, elles er normalt innhald 6-12 g/kg TS 2 <2 derosm det ikkje har vorte tilsett ensileringsmiddel som inneheldt maursyre, elles er normalt innhald >8 g/kg TS