Kretsløptolken er eit verktøy som syner utnyttingsgraden av fosfor, nitrogen og klimagassutsleppa på garden frå jord til mjølk. Programmet er henta frå Nederland, der det i dag blir nytta av mjølkebønder. I Noreg vart det fyrst teke i bruk av Bart van Gool i tidlegare NLR Hordaland.

I den nyaste episoden av podkasten “Vestlandsbonden” gir Bart eit lengre intervju der han forklarar Kretsløptolken for oss.

Mange av våre medlemar kjenner Bart frå før. Han har gjennom 40 år vore ein svært engasjert og dyktig rådgjevar, og var den fyrste som vart tilsett i NLR avd. Kvinnherad (tidlegare Sunnhordaland forsøksring). Bart er opphavleg frå Nederland, og har heile tida hatt gode kontaktar i fagmiljøet innanfor mjølkeproduksjon, blant anna med det anerkjente universitetet i Wagningen.

Utregning grovforopptak Eivind Hovland og Bart van Gool i prat rund kljokkenbordet
Bonde Eivind Hovland og Bart van Gool i god samtale ved kjøkenbordet (Arkivfoto).

Nederland har stor husdyrproduksjon konsentrert på eit relativt lite areal, noko som gjev ei stor miljøutfordring. Dette førte til eit samarbeid mellom fleire fagmiljø som på midten av 90-talet utvikla eit program. Dette skulle hjelpe bonden til å ha betre styring på næringsstoffa og optimalisere gjødselforbruket. Resultatet vart Kringloopwijzer (Kretsløptolken). Frå 2017 har alle mjølkeprodusentar hatt ein «Kringloopwijzer»-analyse på sin gard. Om ikkje, får dei ikkje betalt for mjølka.

Kretsløptolken vart oversett til norsk av Bart i 2014, og har blitt testa ut hjå mjølkebønder på Vestlandet i fleire omgangar. Her fekk ein synt at betre utnytting av næringsstoffa reduserer utsleppa av klimagassar, samtidig som det gir god økonomi for bonden. Ein har også moglegheit til å finne ut kvar dei største tapspostane oppstår av metan, CO2, lystgass, ammoniakk og fosfor gjennom drifta. Denne kunnskapen kan gje grunnlag for å forbetre utnyttinga av næringsstoff, og slik betre økonomien i gardsdrifta.

Kretsloepet
N-utnytting i krinsløpet på eit gardsbruk. Tala er oppgitt i prosent, og syner utnytting av nitrogen i dei ulike delane av mjølkeproduksjonen i drifta.

I podkasten seier Bart at om ein driv godt, vil ein også drive klimavenleg. Det å vere ein dyktig bonde som trivst, med godt stell av jorda og dyra, er den viktigaste faktoren. For å vere ein dyktig bonde trekkjer han spesielt fram viktigheita av å unngå jordpakking, slik at alt ligg til rette for god jordkultur med eit aktivt jordliv. Dette er eit godt utgangspunkt for god utnytting av dei gode grasartane som gjev store avlingar av god kvalitet og med lågt klimagassutslepp.

Bart er ein framtidsoptimist og meiner at for å nå klimamålet i 2030 treng vi gode avlingar av god kvalitet, god produksjon på alle dyra, god velferd for bonden og dyra, rettferdige økonomiske rammevilkår og anerkjenning av dei som produserer mat.

Farm level
«Kringloopwijser» («Kretsløpstolken») er eit nederlandsk verktøy som fortel oss kor effektivt næringsstoffa på garden blir utnytta. Effektiv utnytting reduserer både økonomiske og miljømessige tap.