• For optimal drift, betre lønsemd og mindre klimabelastning
  • Her nyttar me beste praksis som ein læremetode

Denne rådgjevingspakken fylgjer årsyklusen i saueproduksjonen. Det kjem til å vera fokus på å driva klimasmart, som i praksis betyr at ein må driva god og lønsam gardsdrift. Dette er ein god moglegheit for deg som ynskjer å optimalisera drifta ved å hausta gode erfaringar frå andre deltakarar, og få fagleg påfyll frå landbruksrådgjevarar.

Rådgjevinga vert gjennomført i mindre grupper på 5-12 personar, og det blir lagt stor vekt på erfaringsutveksling.

Nokre tema me skal innom:

  • Snyltarbehandling
  • Klauvhelsa
  • Fôring og holdvurdering
  • Lamming
  • Gjødsling av beite og eng
  • Korleis driva klimasmart i sauedrifta, Klimakalkulatoren på sau

Det blir ulike temagrupper, som kjem til å ha litt variasjon på fokusområde.

Dei ulike gruppene du kan melda deg på i er:

  • Utegangarsau
  • Økologisk sau
  • Tradisjonelt sauehald

Kostnad:

Ein del av kostnaden blir dekka gjennom prosjektmidlar, men det blir ein eigenandel:

  • For bønder i Møre og Romsdal: 1500 kr
  • For bønder i Vestland Fylke: 3900 kr

Kva inngår i prisen:

  • 8 teamsmøte
  • 5 gruppemøte
  • 1 surfôrprøve (uttak, analysekostnad og vurdering)

Oppstart på nyåret.

Påmelding