Jord-bær

Jordbær heiter det nok fordi det er bær som vekst nede på jorda og ikkje oppe i tre eller busker. Dette kan ein finne att også i andre språk. Ofte vart det planta etter eng og brukt store mengder husdyrgjødsel. Det ga store næringsreservar i jorda og det var knapt behov for gjødsling resten av omløpet. Luking ar det derimot stort behov for ved slik dyrking.

Vatning var lenge ikkje vanleg, men kom etter kvart, og plantevern kravde sitt. Omløpa var gjerne mange år. Små bær kunne brukast til industri berre ein fekk nokon til å plukke dei. Når ein får plantene opp på bord i staden for i jorda, vil ein også få ein heilt annan situasjon for dei som skal arbeide i feltet. Ein får ei meir behageleg arbeidsstilling, bæra er lett synlege og lett tilgjengelege og plukkinga går mykje raskare.

Jordbaer pa bord
Frå tunnelanlegg i Lier 7 mai 2019. Her er dryppvatninga godt synleg.

Eittårig kultur og remonterande sortar

Når ein plantar på bord (table-top), er lange omløp heilt uaktuelt. Her er det produksjonsklare planter og eittårig kultur som gjeld. På table-top har det vore prøvd både vanleg eingongsberande sortar som dei vi brukar på friland og remonterande sortar.

Med dei eingongsberande må ein ha gode produksjonsklare planter, fleire planter og to omløp for å få stor nok avling og utnytte anlegget godt nok. Derfor vert det nok brukt meir remonterande sortar som gir blomster og bær over ein lang sesong, eller rettare to sesongar. Dei fleste av desse har to avlingstoppar i løpet av sesongen, og med ein bølgedal om lag når frilandsesongen er på topp. Det andre «flushet» i dei remonterande kjem då i august-september. Denne produksjonen passar derfor godt i hop med frilandsproduksjonen. Siste enden av denne sesongen kjem litt seint, og det kan derfor vere vanskeleg å nyte godt av det i vårt klima. Enkelte av desse sortane har også eit rikeleg stort antal blomster og bær, og bæra kan såleis verte for små.

Heilt nytt plantevern

Borda er sjølvsagt fri for ugras, kanskje må ein klippe graset under borda av og til. Gråskimmel er verste skadegjeraren på friland her i landet, men med tak over og god lufting er den knapt noko problem. Mjøldogg trivst godt i tunnelklima, men med 3-4 korte spreiarvatningar per dag kan ein halde soppen i sjakk.

Når det gjeld midd og insekt, har det vist seg at ein langt på veg kan kontrollere desse med nyttedyr. Nytt er brukt mykje i mange veksthuskulturar. Dei fungerer også godt for jordbær i tunnel eller veksthus, men ikkje for jordbær på friland. Det fungere derimot ikkje like god å bruke kjemiske insektmiddel i kombinasjon med nyttedyr, det er ikkje alltid nyttedyra overlever. Når det er snakk om nyttedyr, bør det også nemnast at det som regel lønner seg å setje ut humlebol i tunnelane for betre pollinering.

Avgrensa dyrkingsmedium

Den store endringa når ein flyttar plantene opp på bord er at volumet på det dyrkingsmediet kvar plante har å vekse i vert svært lite. Til jordbær vert det som regel brukt torv, kokosfiber eller ei blanding. Ved dyrking i jord har kvar plante eit stor volum jord tilgjengeleg og jordbærrøtene har stor evne til å søke nedover og utover for å finne tak i vatn og næring. Bufferen for vatn og næring er såleis svært stor, ofte kan plantene leve godt utan at vi tilfører vatn eller næring.

Hyppig tilførsel av vatn og næring

Ved dyrking på bord vil kvar plante ha eit avgrensa dyrkingsmedium og må få tilført fullstendig næringsløysing mange gongar for dag. Dette er ein kjend dyrkingsteknikk for veksthuskulturar, men er ein ny tankegang for dei som er vant med frilandsdyrking. Dette krev flytande næringsløysing som er styrd av automatikk. Det krev også ei svært tett oppfylging av vassbalansen, gjødselkonsentrasjonar og pH. Samtidig kan ein her lett regulere vatn, næringsstoff og pH veldig raskt. Det gir som regel også rask reaksjon i plantene.

Bæra er lette å finne og lette å plukke.

Jordbaer pa bord2
Bæra er lette å finne og lette å plukke.