Innhold
Vanlig praksis
Det er i dag vanleg å etablere fruktfelt med svart jord kring trea. Konvensjonelle dyrkarar bruker plantevernmiddel 1-2 gonger i året for å forhindre konkurranse til frukttreet.
Sprøyting inntil kulturen kan medføre opptak i frukttreet, spesielt ved sprekker, sår eller tynn bark. Enkelte grunnstammer lager også mykje rotskot, kanskje spesielt i etterkant av stressande periodar eller rotskjæring. Desse rotskota kan ta opp kjemiske plantevernmiddel om dei ikkje blir tatt bort i forkant av sprøytinga.
Det er difor interessant å tenkje mekanisk ugrasbekjemping også innanfor konvensjonell fruktproduksjon.
Sammendrag
- Fresing er det beste om ein har egna felt. Bratte felt og små teigar må ein vurdere om andre metodar kan fungere like bra.
- Det er nødvending med godt forarbeid før planting av frukttre. Eldre eng med rotugras er umogeleg å kontollere etter planting.
- Behovet for forskjelleg utstyr er der i de fleste felt. Det å ha utstyr med forskjelleg arbeidsorgan eller to maskiner er ofte nødvendig.
- Samarbeid om maskiner er ofte nødvendig, sidan prisen er høg
- Føraren bør være den same, sidan erfaring med maskin og traktor er avgjerande for godt resultat.
Bakgrunn
Denne manualen er laga for «grøntsatsingsmidlene» som Norsk Landbruksrådgiving fekk tildelt i 2014. I tillegg er det gitt midlar frå Foregangsfylket Økologisk Frukt og Bær. Bildene er tatt hos fruktdyrkarar i Norge, samt på studieturar til Tyskland, Danmark, Sverige og Nederland.
Manualen er meint som ei oversikt over viktige moment ved etablering, praktiske erfaringar og eksempel på korleis mekanisk ugrasbekjemping i frukt bør gjennomførast.
Praktisk utprøving kan være til hjelp når ein lurer på om maskina er god nok til din frukthage.