Tidlegare praksis

Det har nokn år vore vanleg praksis å la nyplanta tre stå urørde i planteåret. Ny innsikt og erfaringar fortel oss no at ein bør skjere frå første året.

Skjerepraksis endrar seg med plantemateriale og plantepraksis. Dei toårige trea me importerer i dag er typisk kraftige, med mykje og lang greinvekst, og planteavstanden minkar stadig. Før var greinmassa i nyplantingar mindre og ein planta dessutan meir ekstensivt. Ein ynskja gjerne å ta vare på mest mogeleg bladverk som kan produsere fotosynteseprodukter og styrke dei unge trea i etableringsfasen. Etter nye erfaringar ser me at skjering i planteåret ikkje svekker, men tvert om, styrker trea. . I tre som står urørte er endeknoppane så mykje sterkare enn knoppane langs greinene at dei tek det meste av veksekrafta. Dersom ein skjer inn på greinene ser me at knoppane langs greinene bryt lettare og raskare.

Mange vil nok kjenne seg att i at trea i det andre vekseåret (og vidare) har lange, tynne greiner med lange nakne parti utan knopp (særleg utsett for dette er Aroma og Gravenstein, sjå bilete under).

IMG 1377
Aroma år 2, ikkje skore i planteåret. Karakteristiske lange skot, med lange nakne parti.
IMG 1381
Aroma år 2, ikkje skore i planteåret. Karakteristiske lange skot, med lange nakne parti.
IMG 1455
Aroma år 2, ikkje skore i planteåret. Karakteristiske lange skot, med lange nakne parti.

Kvifor du bør skjere nyplantinga

Målet med å skjere etter planting er i første omgang ikkje å auke avlinga. Trea trenger tid på å etablere seg, vekse og fylle den plassen dei har til rådigheit, med ved som med tida skal bere frukt. Ved å skjere etter planting kan me leggje eit godt grunnlag for vidare vekst, avling og skjering. Målet med skjering generelt er å byggje sterkare og meir produktive tre som effektivt nyttar den plassen dei har fått tildelt med fruktberande ved, og ikkje nakne greiner.

Skjering av nyplanting vil hjelpe deg å halde trea meir kompakte, og unngå lange nakne parti på greinene. Viss ein ikkje skjer i planteåret og trea neste år har lange greiner, kan ein bli nøydd til å skjere inn på toårig ved for å korta inn greinene til ønska lengde. Om ein skjer alle/mange greiner tilbake på toårig ved er dette ei hard behandling for treet - som kan svekke det - og ein bør i staden skjere tilbake gradvis over fleire år. Då er det betre å ha avgrensa lengdeveksten frå år 1. Skjering på årsskot kontra eldre ved gir raskare reaksjonar og nye knoppar bryt lett. På eldre ved må ein ofte vente på reaksjonar frå sovande knoppar.

Ein annan fordel med å skjere nyplanting på denne måten er at du kvitter deg med ein del blomeknopp, som vi helst vil unngå på trea det første året. Det sparer deg for arbeid seinare i sesongen og du sparer trea for bortkasta energi ved å utvikle blom, eller kart. Discovery set typisk blom i enden av greinene, Gravenstein kan òg sette blom i enden, også på lange, kraftige skot.

Korleis du bør skjere nyplantinga

Avgrens lengda på alle greiner til [planteavstand / 2] – 10 cm. T.d. ved planteavstand på 90 cm, bør greinlengda vere 35 cm. Greinene som er lenger enn dette, kan kortast inn til den tilmålte lengda.

På skot som er kortare enn tilmålt lengde, skjer ein bort endeknoppen, som eit safttrekkingssnitt (STS). Svake greiner som me ynskjer å behalda, og vil styrka, kan me skjere kortare enn tilmålt lengde for å stimulera til vekst. Skjer då tilbake til ein knopp som vender oppover. For dominerande greiner, som i utgangspunktet skal skiftast ut, kan ein tenke mtsett av det sm har vore praktisert før; i staden for å skjere dei inn på tapp allereie første vekstsesong, så gir ein dei ekstra lengde i år, til dømes 10 cm lenger enn tilmålt lengde på resten av greinene. Då tek du vare på fleire bladknoppar i første vekstsesong, før du skjer desse dominerande greinene inn på ein tapp neste år.

Sjølv om trea skulle bli levert med ein masse greiner, skal du ikkje tenke på å tynne i greiner i det første året. Til og med greiner som er tydeleg for låge kan me behandle som resten, og skjere inn til tilmålt lengde. Mange av desse greinene skal ikkje vere med på lang sikt, men for no gjer dei nytte for seg gjennom å danne bladverk og fotosyntetisere. Trea kan soleis hente energi til eigen vekst, produsere sukker og etablere seg.

Skal ein vere ekstra nøye på det, kan ein skjere inn til ein knopp som vender oppover, for ytterlegare stimulering til vekst. Men skjering av nyplanting - sjølv med masse greiner - kan gå veldig raskt. Berre følg den enkle regelen om ei makslengde på greinene og skjer raskt.

IMG 1460
Aroma år 2, skore i planteåret (og året etter) etter skjereteknikken som er beskrive i denne artikkelen.
IMG 1462
Gravenstein år 3, skore kvart år frå og med planteåret.

Toppskotet

Ein har framleis ikkje konkludert kva som er best å gjere med toppskotet når du skjerer nyplantingar. I hovudsak er det tre alternativ:

  • Lat det stå
  • Skjer det ned X cm
  • Skjer skrått gjennom endeknoppen/like under, men bevar øvste bladknoppar som ligger like under toppknoppen (slik ein tilrår for Discovery med blomeknopp i toppskotet)

Å skjere det ned nokre cm kan gje kraftige brytingar av nye skot i toppen, dette er ikkje ynskjeleg. Det blir fort kaotisk og buskete i toppen då det er mykje veksekraft her oppe. Om ein velger å skjere skrått gjennom endeknoppen eller la toppskotet stå urørd er framleis opent for utprøving.

Råda for skjering av nyplanting gjeld alle sortar.

Når skal eg skjere?

Kanskje det aller viktigaste for å få eit godt resultat av skjering i nyplanting er å skjere tidleg nok, det vil seie før knoppbryting! Dersom ein er seint ute, og knoppane alt har brote bør ein la vere å skjere, då det medfører risiko for å svekke trea.

Tre planta om hausten kan skjerast før knoppbryting om våren etter same prosedyre som forklart ovanfor.

Plant trea og få unnagjort skjering raskt for å sikre god reaksjon langs greinene. Dersom du har store planteprosjekt som krevjar fleire dagar, bør du setje i gong med skjering undervegs (seinast frå dag 2). Om du venter med skjeringa til du er ferdig å planta kan det verte for seint.

Det er tryggast å skjere i tørt vêr, av omsyn til infeksjonar og skadeorganismar. Men me får ikkje alltid vêret som bestilt, så me vil ikkje tilrå å venta på ein solskinsdag før ein går i gang med å skjere.

Picture1
T.v. tre som ikkje vart skore i planteåret. T.h. tre som vart skore (legg merke til skjeresår på greina nedst til venstre, og korleis knoppen bak har hatt fin vekst, og at knopper langs heile greina er aktive.