Revebjelle (Digitalis purpurea) er ei toårig plante som er vanleg mange stader på Vestlandet. Den var fylkesblom for Sogn og Fjordane. Det kan verka som planta spreier seg utover dei områda den har vore vanleg å sjå. Den norske arten er lilla, men som hjå dei fleste planter kan det dukka opp kvite varianter. Ein bør òg vera oppmerksam på at gule hagevariantar kan forvilla seg.
Revebjelle er ein dødeleg giftig art og kan gi forgiftning både hjå folk og dyr. Men trass i at planta er svært vanleg i mange beite er ikkje kjende tilfelle av forgiftningar på dyr vanlege. Planta er lett å kjenna når den står i blom men ikkje like godt kjend på rosettstadiet.

Mekanisk bekjemping

Der arten ennå ikkje er vanleg kan ein riva opp bladrosettane og i tillegg slå av og fjerna blomsterstenglane for å unngå frøspreiing. Planta er forholdsvis enkel å dra opp for hand. Hakking av rosetten på same måte som ved tistelbekjeming kan òg vera ein aktuell metode. Men revebjella likar seg ofte nær steinar slik at ein ikkje alltid kjem så godt til med hakke.

Kjemisk bekjemping

I forsøk har me fått god effekt av mekoprop-preparat både på frøplanter og revebjeller på rosettstadiet. Sprøyting blei gjort i juli og september. Starane XL blei òg prøvd utan å same effekt. Kor tidleg ein kan starta om våren og likevel få fullgod verknad kjenner me derfor ikkje godt nok til.

Me ønsker tilbakemeldingar

Me vil gjerne ha tilbakemeldingar frå dei som har gjort erfaringar med metodar som verkar – eller ikkje verkar for å halda revebjella i sjakk.

Ta kontakt med ole.arnfinn.roysland@nlr.no tlf 970 00 922 eller annlaug.fludal@nlr.no tlf 948 45 427

Bjelle 2
Bjelle 1
Bjelle 6
Bjelle 4
Bjelle 3
Bjelle 7