Fleire eitt- og vintereittårige artar kan etablere seg og vekse ved lågare temperaturar enn mange av dei fleirårige artane. Desse eitt- og vintereittårige vekstane toler også å bli slått fleire gonger på vegetativt stadium, og kan derfor haustast eller beitast både haust og vår. I samarbeid med NIBIO har NLR lagt ut forsøksfelt ulike stader i landet for å undersøkje avlingspotensial, overvintring og fôrkvalitet for slike vekstar, frå såtidspunkt på seinsommaren til tidleg sommar påfølgande år.

Eitt av felta blei lagt ut på Kvithamar i Stjørdal med to såtidspunkt; 12. august og 28. august 2020. I tillegg til haustrug omfatta forsøket også italiensk raigras (vintereittårig/toårig), westerwoldsk raigras (eittårig) og vinterert. Både italiensk raigras og westerwoldsk raigras er «gamle kjenningar» for svært mange, og dei siste åra har også fleire stifta bekjentskap med vårsådd haustrug som ein god beitevekst, ofte sådd saman med nettopp italiensk og/eller westerwoldsk raigras. Vinterert er derimot eit relativt nytt bekjentskap og det finst lite/inkje informasjon om fôrverdien ettersom vinterert helst har vore brukt som grønngjødsling i vekstskifte.

Alle artane spira, men det var ikkje nok plantemasse til at vi kunne registrere avling for nokon av artane hausten 2020. No i vår er det verken erter eller westerwoldsk raigras å sjå på feltet. At det eittårige raigraset gjekk ut, var som forventa. Derimot er det interessant å registrere at italiensk raigras, som vi i praksis reknar som eittårig på våre breiddegrader, har klart seg godt over vinteren. Rugen er komen enda lenger, og må straks haustast i håp om at han skal buske seg og gi mulegheit til enda ei avbeiting/hausting på forsommaren. Der rugen blei sådd i blanding med erter, er plantebestandet tynnare, samanlikna med rug sådd i reinbestand.

Eit nytt felt vil bli etablert i sommar, men denne gongen skal vi så ein månad tidlegare enn i fjor. Håpet er at det dermed blir muleg å beite/hauste grøde allereie hausten 2021 og at det gir grunnlag for tidleg vårvekst neste år. På den måten kan ei sommarsådd blanding av haustrug og italiensk raigras kanskje bidra til å utvide beitesesongen i begge ender?

Bilde nr 1
26.september 2020. Nærmast kamera til venstre: Vinterert+rug i blanding, italiensk raigras til høgre. Lengst frå kamera frå venstre mot høgre: vinterert+rug, rug i reinbestand, westerwoldsk raigras, italiensk raigras. Foto: A. Johansen
Bilde2
18. mai 2021. Nærmast kamera frå venstre: Westerwoldsk raigras, haustrug, haustrug sådd i blanding med erter (ertene er borte). Lengst frå kamera frå venstre: haustrug, westerwoldsk raigras, italiensk raigras, haustrug, haustrug, westerwoldsk raigras, italiensk raigras. Foto: A. Johansen

Vinterert kom fint etter såing på seinsommaren, men ser ikkje ut til å ha overlevd vinteren. Bildet er tatt 26.september 2020. Foto: A. Johansen

Bilde nr 3
Vinterert kom fint etter såing på seinsommaren, men ser ikkje ut til å ha overlevd vinteren. Bildet er tatt 26.september 2020. Foto: A.Johansen