Svært tidlig vekststart på enkelte lokalitetar – eller…?


Både på Frosta, Kvithamar og i Rissa var det etter definisjonen (sjå ramme) vekststart allereie i midten av mars. Trass lange periodar med uvanleg kaldt vér, både før og etter påske, vil varmesum på desse lokalitetane derfor passere 500 °d ein av dei første dagane i juni. Skal ein følgje enkelte råd er det dermed på høg tid å hauste graset, dersom ein vil ha «0,90-fôr» eller betre. Ved å kaste eit blikk ut av vinduet, eller helst ved gå ein runde i enga, vil ein imidlertid fort konstatere at graset ikkje er kome stort lenger enn til beitestadiet (10-15 cm) dei fleste stader. På Kvithamar, i Rissa og på Ørlandet blei det rundt siste helg (20-23 mai) funne nokre få skudd (3-5%) med 1-2 leddknuter på timoteien. Vanlegvis blir det 3-4 leddknuter på timotien før akset syner seg og vi har begynnande skyting.

Etter den tilsynelatande vekststarten i midten av mars, blei det det ein lengre periode med frost, kulde og til dels snødekke fram til slutten av påska. I praksis var det derfor liten og inkje som skjedde med plantene før i midten av april. Vi har derfor vald å oversjå den tilsynelatande vekststarten i mars, og begynne teljinga 1.april på dei faste stasjonane og frå 1.mai på stasjonane som ikkje blir sette ut før dei siste dagane i april. Dette gir ein varmesum på om lag 200 °d på dei tre nemnte lokalitetane 17.mai, noko som i følgje lokale rådgjevarar stemmer betre med realitetene.

Dette viser at det å bruke varmesum som einaste hjelpemiddel til å vurdere haustetidspunkt, ikkje er særleg smart. I praksis er utviklinga avhengig også av andre vekstfaktorar, t.d. vatn- og næringstilgang og ikkje minst variasjonar i luft- og jordtemperatur som her illustrert.

2022 samanlikna med føregåande år


Når ein utsett teljinga av døgngrader til hvv 1.april og 1.mai ligg ein dei fleste stader litt bak skjema i forhold til det som var eit «normalår» i 2019, men framom varmesummen på same tidspunkt både i 2020 og 2021 (Tabell1). Somme stader har våren i tillegg til å være kjøleg, også bydd på meir nedbør enn «normalt», medan problemet andre stader i Trøndelag har vore at det har regna litt heile tida, utan at det har kome meir enn det som er vanleg for årstida. Dette har nok forseinka våronna ein god del for mange. Forhåpentlegvis har mange fått mulegheit til å ta etter mykje i tida etter 17.mai.

Forholda så langt har på mange vis vore ideelle for å få ei god busking med tett plantedekke i enga. Kva som skjer vidare vil sjølvsagt avhenge både av nedbør og temperatur, men lite tyder på at det blir spesielt tidleg førsteslått i Trøndelag dette året. Vi vil frå no av legge ut ukentlege prognoser basert på GrovfÔrmodellen og kalibrering av denne, og etter kvart også resultat av grasprøver som blir analysert. Følg derfor med, både på Fagnytt og på våre nettsider framover!


Tabell 1. Dato for vekststart og døgngrader frå vekststart til 17.mai i 2019-2022 på dei 11 klimastasjonane i Trøndelag. Døgngradene er berekna med 0°C som basistemperatur. Kjelde: Landbruksmeterologisk Teneste.

Dato for vekststart

Døgngrader (°d) frå vekststart

2019

2020

2021

2022

2019

2020

2021

2022

Oppdal

2.5

8.5

14.5

11.5*

0

-

40

39

Rennebu

-

-

-

8.5

-

-

-

76

Rindal

-

-

-

11.5

-

-

-

45

Soknedal

18.5

-

13.5

14.5

-

-

43

18

Meldal

14.5

-

12.5

4.5

47

-

60

75

Skjetlein

20.4

24.4

21.4

-

227

102

147

-

Rissa

19.4

21.4

20.4

18.4*

245

128

165

196*

Kvithamar

20.4

23.4

20.4

19.4*

242

138

168

189*

Frosta

19.4

23.4

28.3

18.4*

259

122

274

202*

Mære

19.4

23.4

20.4

19.4

246

103

161

179

Skogmo

21.4

02.5

19.4

21.4

199

51

155

135

-: manglande data/ feil på stasjonen. * For Rissa, Kvithamar og Frosta har vi sett vekststart til dato for tre påfølgande femdøgnsmiddel med lufttemperatur høgare enn 5°C ETTER 1.april. For Oppdal, Rennebu og Meldal er det rekna på tilsvarande måte ETTER 1.mai.


Klimastasjonar i Trøndelag

Forklaringar