Først var det både kaldt og vått og ugreitt med våronn. Så steig temperaturen litt etter 17.mai og i løpet av nokre hektiske dagar fekk dei fleste gjort ferdig jordarbeiding og kornsådd, og graset tok til å vekse og gro og brått gjekk utviklinga fortare enn ein rakk å henge med.

Somme i låglandet fekk nytta godvêrsdagane til slått i pinsa og før/i løpet av siste helg. Det kan dei saktens være glade for.

Vêrmeldinga er, med nokre timars unnatak, beint ut ugrei heilt fram til tysdag i neste veke. Dermed ligg det dessverre an til at mange i låglandet vil kome til å hauste eit grovfôr med betydeleg lågare kvalitet enn planlagt.

Dei som hadde planlagt tre slåttar og enda ikkje har tatt førsteslåtten, må endre strategi. Dei som ønskjer å diskutere /justere gjødslingsplanen eller har andre spørsmål knytt til endringar i planane – ta kontakt med din lokale NLR-rådgjevar!

I høgareliggande strøk er det enda håp om å kunne hauste fôr med høg kvalitet og gode avlingar, men det begynner å «dra seg til» også der. For bønder i desse områda er det på høg tid å ta ein siste sjekk av hausteutstyr, dekktrykk og siloar - og kjøpe inn ensileringsmiddel om det ikkje alt er gjort.

Sjå også våre prognoser for avlingsutvikling og kvalitet på våre medlemssider og i Fagnytt. FEm-konsentrasjonen er no under 0,85 i låglandet rundt Trondheimsfjorden.

Ensileringsmiddel

Vêrlaget tilsei at det kan bli vanskeleg å få god nok fortørk til at det er rådeleg å konservere fôret utan å tilsette gjæringshemmande ensileringsmiddel. Ensilering av fuktig gras* utan tilsetting eller med bakteriepreparat gir omfattande tap av viktige næringsemne og risiko for smørsyregjæring. Her er det m.a.o. muleg å spare seg til fant om ein ikkje tar grep!

*) Fuktig gras: mindre enn 30% TS.

To enkle metodar for å bestemme tørrstoffprosenten i graset

Metode 1 "Grovbestemming" av tørrstoffprosenten
Metode 2: Eksakt måling av tørrstoffprosenten