Lite å hente ut over norm

Ut frå forsøka som er gjennomført i Rogaland dei siste 30 åra ser me at det er lite å henta reint avlingsmessig ved å gå mykje ut over normgjødsling. For proteininnhaldet i grovfôret er slåttetida den viktigaste faktoren da me stort sett finn proteinet i den grøne bladmassen. Men ein vil nok kunne påverke proteininnhaldet i graset noko med sterkare gjødsling. Ei sterkare gjødsling ut over norm vil også bidra til auka fare for utvasking av nitrat til grunnvatnet om hausten.

Tre nivå med nitrogen

Tilbake til midten av 80-talet blei det gjennomført eit forsøk på sandjord på Jæren med tre ulike gjødselstyrkar. Ei rute med normgjødsling på 28kg nitrogen, ei rute med 45kg N og siste rute med 60kg N.

Gjødsling

Avling 1987

Snitt avling over 5 år

28kg N

880

980

45kg N

990

1020

60Kg N

880

980

Konklusjonen frå dette forsøket var at det var svært lite å hente avlingsmessig på å gjødsle ut over norm.

I 1998 blei eit liknande storskala forsøk gjennomført på tre ulike lokasjonar i fylket. Felta var lagt til områder der ein rekna med store gjødslingsbehov. Eit felt på sandjorda på Orre, eit felt på tyngre jord på Høgjæren og det siste feltet låg på Sola flyplass.

Det blei også denne gongen brukt tre ulike gjødslingsmengdar.

  1. Lågt nitrogeninnhald 13+8,5+2kg N/daa tot 23,5kg N/daa
  2. Normgjødsling 15+10+3kg N/daa tot 28kg N/daa
  3. Høgt nitrogeninnhald 17+11,5+4kg N/daa tot 32,5kg N/daa

1.slått

2.slått

3.slått

Sum

Lågt

Norm

Høgt

Lågt

Norm

Høg

Lågt

Norm

Høg

Lågt

Norm

Høgt

Høgjæren

522

549

588

307

283

325

134

174

170

936

1006

1083

Orre

635

643

568

382

399

402

198

203

213

1215

1245

1183

Sola flyplass

588

620

604

471

491

581

1059

1111

1185

Gjennomsnitt

582

604

587

387

391

436

166

189

192

1079

1121

1150

Konklusjonen frå dette forsøket var som i 87 at det var lite å henta på å gjødsla ut over norm. Dette forsøke tyder faktisk på at ein kan redusera gjødselstyrken litt og likevel oppretthalda gode avlingar.

I dette forsøket blei det også teke analysar for protein (PBV.) Resultata av dette viser ein liten oppgang i PBV ved aukt gjødselstyrke.

1.slått

3.slått

Lågt

Norm

Høgt

Lågt

Norm

Høgt

PBV/Fem

30

40

45

34

42

48

La til ekstra nitrogen

I 2017 gjennomførte me i NLR Rogaland eit forsøk med ulike nitrogenmengdar ut over grunngjødslinga som var sett opp i gjødselplanen. Forsøket blei utført på to bruk i sørfylket. Begge felta låg i timotei/engsvingeleng med 10% fleirårig raigras på moldhaldig morenejord.

Felta vart grunngjødsla av bonden. Om våren og etter 1.slått vart det i tillegg gjødsla med 4kg nitrogen, 6kg nitrogen og 8kg nitrogen.

N-mengde

1.slått

2.slått

3.slått

Sum

Grunngjødsling

568

397

252

1217

+4kg

553

402

261

1216

+6kg

542

396

266

1204

+8kg

532

420

262

1214

I dette forsøket var det heller ingen sikker avlingsauke ved å tilføra nitrogen ut over grunngjødslinga. Kvalitetsanalysane synte heller ingen sikker skilnad ved ulike N-mengdar. Ein grunn til dette kan vere at i regnåret 2017 blei mange felt hausta seint og graset hadde kome langt i utvikling ved slått. Dette feltet var ein del av ein forsøksserie i regi av NIBO. Resultata frå Rogaland stemte godt overeins med felta i resten av landet.

Lønsamt å kjenne avlingsnivå

Me veit at avlingsnivå varierer frå gard til gard og skifte til skifte. Så det som er rett gjødsling på ein gard vil nødvendigvis ikkje vere det hjå naboen. For å få til ei så nøyaktig gjødsling som mogleg er me difor heilt avhengig av avlingsregistreringar på det enkelte bruket. Men ut over dette er det usikker lønnsemd i å gjødsel over norm for å auke proteininnhaldet.