Det var stor reduksjon i grovfôravlingane, særleg frå 1. slåtten, over det meste av Innlandet i 2018. Mot slutten av juli breidde det seg ei nærvøs stemning når gardbrukarane såg at også 2. slåtten stod i fare for å visne bort. Dei første meldingane om planlagt nedslakting av buskap tok til å kome.

På denne tida vart det mobilisert til store felles fagmøter i alle regionar. Her blei det formidla kunnskap om tilpassingar i grovfôrdyrkinga, alternative fôrplanar og søknad om avlingsskadeerstatning. Det var stort frammøte av tørkeråka bønder. Bøndene fekk møte kolleger og rådgivarar og fekk prate og utveksle erfaringar om dei store utfordringane dei stod midt oppe i. Dei fekk eit betre bilde av situasjonen og kunne starte med å ta eigne aktive grep for å handtere vanskane.

Mange bønder tok også direkte kontakt med landbrukskontor, fagrådgivarar og faglag for å få råd. Bøndene opplevde at rådgiving var lett tilgjengeleg, og dei kontakta stort sett dei vanlege rådgivarane sine innanfor ulike fagfelt for å få hjelp med tørkespørsmål. Mange drøfta med kolleger.

I kartlegginga vår har vi spurt om kva tiltak som var viktige for å sikre nok vinterfôr.

Halm, åker til grønfôr og seinsommersådd grønfôr

Ikkje uventa var det halmberging og kjøp av halm som stod for det største tilskotet til vinterfôringa. Litt over ein tredel av dei intervjua gardbrukarane hadde pressa eller kjøpt halm. For mange var det første gongen på lang tid. Halmen på Austlandet hadde høg kvalitet, og erfaringane med fôring var generelt positive både til sau og storfe. Småfe kunne ikkje fôrast med like stor andel halm som storfe. Også halmavlingane var langt mindre enn normalt, og det vart mangel på halm sjølv i korndistrikt. Halm som vart henta frå Trøndelag hadde høgare vassinnhald enn austlandshalmen, og denne måtte vere ammoniakkbehandla for å ha god nok fôrverdi og fôrkvalitet.

Vel ti prosent av dei intervjua gardbrukarane hadde hausta kornåker som grønfôr. Truleg hadde meir kornåker blitt hausta til grønfôr om avklaringa for å unngå å tape produksjonstilskot til korn hadde kome tidlegare, då interessa var stor. Både omfanget av korn til grønfôr og kvaliteten vart lægre enn ønskeleg frå eit fôringssynspunkt.

Om lag ti prosent hadde også forsøkt å så ekstra grønfôr på ettersommaren. Dette var det variable erfaringar med sidan frøet ikkje spira før det kom regn.

Ekstra bruk av kraftfôr og ekstra fôrkjøp

Om lag halvparten av dei intervjua gardbrukarane har svara at dei auka kraftfôrdelen i vinterfôringa med ein snau tredel i snitt. Det vart tilbode eit fiberrikt kraftfôr som drøvtyggjarane tolte å ete mykje av. Dei fleste som hadde auka kraftfôrtildelinga, auka denne med mellom 10 og 50 %. Den høgaste auken i kraftfôrtildeling var på 200 %, og på denne garden var det ekstremt låge grovfôravlingar.

Det var vanskeleg å få kjøpt ekstra grovfôr. Ofte kom dette frå utlandet eller måtte fraktast langt i Norge. Om lag 18 % av gardbrukarane hadde kjøpt grovfôr.

Ekstra tilskot og avlingsskadeerstatning

Tiltaka med å skaffe ekstra fôr og å justere fôrrasjonane gav gode resultat for dei fleste, men var tungt å gjennomføre økonomisk. Det var berre to prosent av gardbrukarane vi intevjua som svara at dei hadde fôrkrise våren 2019. Om lag 15 % av dei som svara hadde fôrmangel.

Nedslakting av dyr vart i stor grad avverga ved at bøndene mottok erstatning som kunne brukast til å kjøpe fôr. Endringane som vart gjort i løpet av året, sikra raske utbetalingar som særleg var avgjerande for husdyrbønder. I september kom det ei ekstra utbetaling av produksjonstilskot basert på dyretal til alle bønder i dei tørkeråka områda. Denne vart teke veldig godt imot fordi den kom så raskt, og den gav ein viss kompensasjon også til dei som ikkje kom innanfor ordninga for avlingsskadeerstatning, men som hadde vesentlege meirkostnadar.

Utmarksbeite som buffer i eit tørkeår

Nordover i Innlandet kunne innmarksbeita vere hardt råka av tørken, medan det var god tilgang på fôr i utmarka. Fjellbeita hadde nytte av den gode varmen, og dyra valte å gå og beite på areal som er for blaute i eit normalår. Fleire dyr enn normalt beita i fjellet, og beitesesongen vart forlenga både på forsommaren og på hausten.

IMG 9363 kopi
Utmarka er ein ressurs som kan nyttast. Foto: Morten Livenengen