I mange enger der sauene har beita i vår, står det no roser med brennesle i god vekst, og bildet er like eins på mange innmarksbeiter. Vi ser at dette rotugraset har slått til i den unge enga også på mange sauegardar.

Brennesla formeirar seg både med frø og lysskot frå jordstenglar som ligg grunt i bakken. Når sauene har kome på utmarksbeite, er det tid for å sette inn tiltak som kan hindre at brennesla tek vekseplassen frå graset. Tiltak som avgrensar spreiing utan bruk av kjemiske midlar er å slå arealet minst 2-3 gonger i vekstsesongen, og fyrste slåtten bør vere ved stengelstrekning på 20-25 cm høge planter. Har du beitepussar så bruk den no. Ventar du heilt til graset er slåtteklart igjen, vil planta ha kome med modne frø.

Av kjemiske midlar er det Flurostar/ Tomahawk som har best effekt mot brennesle, men ver klar over at dette preparatet skader kløverplantene. Sjekk stoda og vurdér om du i så fall kan ta arbeidet med punktsprøyting der det er kløver i enga. På innmarksbeiter som ikkje er eigna for traktorsprøyta, er ljåen/ ryddesaga eller ryggsprøyta det beste alternativet. Både kjemiske og mekaniske tiltak mot rotugras som brennesle, må fylgjast opp gjennom fleire vekstsesongar for å få eit godt resultat på sikt.

Teksten er skriven av pensjonert rådgivar Randi Jarstad.

Du kan lese meir om brennesle (stornesle) i Plantevernleksikonet