Kalking

Det er ingen ting i vegen for å utføre kalking no framover etter siste hausting. Kanskje har vi tid til å kalke kulturbeita også. Jordprøvane vi tek på kulturbeite viser ofte svært låge pH verdiar.

Grøfting er ein anna aktivitet som gjerne kan utførast framover hausten. Husk å sende inn søknad om tilskot. Du kan no få inn til 4000 kr pr dekar for grøftingstiltak på tidlegare grøfta jord

Ugraskamp mot høymole, hundekjeks, løvetann m.v. kan med fordel takast no framover. Hugs også kantsonene. Her kan det ofte også vere aktuelt å fjerne uønska vegetasjon; renningar m.v.

Vedlikehald av gjerde

Ein del vedlikehald av gjerde kan også gjerast no. All tyngre oppgradering ein får unna no, vil redusere arbeidet med gjerdehaldet til våren.

"Våronn" om hausten

Ofte høyrer ein at alt det andre arbeidet som må gjerast om våren går ut over arbeidet med fornying av enga. Dess meir våronnarbeid ein får flytta til andre tider av året, dess meir tid har ein til det viktige fornyingsarbeidet.

Vi opplever at fleire no legg opp til slått på eit tidleg utviklingsstadium samt 3 slåttar eller meir. Det vil krevje hyppigare fornying av enga, om ein skal oppretthalde avlingsnivået. Planlegg at du må bruke meir tid til fornyingsarbeid