Mange er no i ferd med å ta ut fôrprøvar for analyse av fôrkvalitet. Vi vil oppfordre til også å få analysert fôr mineralinnhald (kryss av for Standard analyse på skjemaet) då dette har stor verdi når vi skal vurdere effekten av gjødslinga/utarbeide neste års gjødslingsplan.

Det er og enkelt om du set opp din rådgivar si epostadresse på kopi på bestillingsskjemaet. Då får vi analyserapporten direkte tilsendt frå laboratoriumet, og du slepp arbeidet med å sende kopiar til oss.

Minner også på at det vil ha stor verdi om du sender oss avlingstala på teigane. Dette, saman med fôranalysane er viktig i gjødslingsplanlegginga til neste sesong. Saman med analysane treng vi opplysningar om:

- Areal på teigen

- Tal rundballar

- Vekt på rundballane ( det er greitt å vege 5-6 ballar, og rekne gjennomsnitt av desse)

For dei som legg i silo kan det vere vansklegare å berekne avling pr daa. Men om du har tal lass, samt vekt på lassa på dei ulike teigane vil det også fungere.

PS! Alle kontora har utstyr til å ta ut fôrprøvar, samt vekter for å vege rundballar(opp til 1000 kg). Ta kontakt med rådgivaren din og avtal besøk. Kan gjerne kombinerast med klimaplanbesøk, eller ved jordprøvetaking.