Det er forunderleg å tenkje på den enorme utviklinga den eldste generasjonen bønder har vore vitne til i landbruket. Då dei byrja, gjekk budeiene til fjells for å mjølke kyrne, og bar mjølka heim i spann. Medan karane gjekk heime og slo med ljå. Dei har opplevd eit landbruk som har gått frå manuell slått med langorv og slåmaskin til hest, over til motorslåmaskin, forhaustar, rundballepresse og no har sjølvgåande finsnittar innteke dei små vestlandsbygdene. Det rår ingen tvil om at slåttereiskapen har blitt større og tyngre, men samstundes har effektiviteten auka.

DAE fotograf
Rådgjevar Dag-Arne Eide følgjer nøye med og dokumenterer.

Vi vart invitert til å kome å sjå finsnittaren i aksjon, i Myklebustdalen, Gloppen. Svenn Ove Bjørkelo er ein av dei i distriktet som har teke steget ut og investert i fullt utstyr. Han har kjøpt finsnittar, hengarar og har sett opp nye plansiloar heime på garden på Byrkjelo. Han baserer seg på ein del leigekøyring. Då vi møtte han, var han på oppdrag hjå Myklebust landbruk i Myklebustdalen. Andre stader i landet er ikkje dette ei ukjend maskin, men her i gamle Sogn og Fjordane kjenner vi ikkje til at det har vore sjølvgåande finsnittarar før i år. Det er utan tvil spanande å følgje med, og sjå korleis dette vil fungere.

20230619 145243
Svenn Ove Bjørkelo let vel over maskina. Han har stor tru på at dette fører til godt fôr, og er svært nøgd med kapasiteten.

Det er ingen tvil om at dette er store og tunge maskiner, som fører til avgrensing i kva terreng og jordsmonn dei kan nyttast på. I år er forholda gode, med tørt vêr og dermed køyresterk jord i forhold til korleis det kan vere enkelte vestlandssomrar. Heng regnbyene trugande over fjella, er det ingen tvil om at det er kjekkare å hauste inn fôret med ein snittar som kan gå i 20 km/t kontra ei rundballepresse i 3 km/t. Effektiviteten og kapasiteten er enorm dersom ein har høveleg areal og passande avstand mellom skifta og siloen. Ikkje minst må vi nemne at dette driftsopplegget krev at ein har mange sjåførar og maskiner i sving samstundes. Denne dagen var det ein på snittaren, to som køyrde mellom snittar og silo, to som pakka silo og ein som køyrde samlerive på neste skifte. Du må dermed ha tilgjengeleg 6 sjåførar og 5 traktorar til same tid, når finevêret slår til og graset er klart. Ved endå lenger avstand mellom slåttearealet og siloen er det aktuelt med tre hengarar.

20230619 1440120

Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette ikkje er ei maskin vi kjem til å sjå på samtlege gardar. Men det skal bli svært spanande å følgje med og sjå korleis dette vil fungere på sikt. Å få kutta graset, og lagt det i plansilo har utan tvil ein del fordelar. Du får ei jamn masse i siloen, det sparar mykje plast kontra rundballar, og ikkje minst sparar det ein heil del traktorkøyring vinterstid når alt fôret ligg lagra rett utanfor fjøsdøra, kontra ute på rundballelager nær bøane. Pr. i dag har vi forholdsvis få plansiloar. Skal denne metoden få større omfang, så må det byggjast meir siloar. Det kan gå og legge i stakk utan å ha silo, men denne metoden er ikkje utan risiko.

20230619 142954

I siloen må det gjerast ein grundig jobb, dersom resultatet skal bli godt. Spesielt her som det var blitt god fortørk på graset og massen vert tørr og luftig. Då er det viktig å få komprimert og fordelt kvart lag godt slik at ein ikkje får for mykje luft i massen. Finkutta gras er sjølvsagt mykje enklare å pakke enn gras hausta inn med t.d. lessevogn. Det er grunn til å tru at fôrkvaliteten med denne metoden blir god, og ikkje minst blir det eit «kjekkare» fôr bruke i fjøsen.

20230619 143117
Godt fortørka, finsnitta gras, tilsett GrasAAT Plus. Denne massen er lett og luftig, så pakking har alt å bety for å få eit vellukka resultat.
DAE i finsnittar
Vi fekk sitje på både i finsnittaren og i traktoren, for å få eit godt innblikk i heile prosessen frå hausting til silolegging.