Når det teoretiske ikkje heilt går i praksis, er det tid for tilpassing og bruk av opparbeida kunnskap - erfaring og kanskje å ta konsekvensen av det vi veit. Som repetisjon og kanskje påminning kjem her ein kort gjennomgang av noen viktige moment for å oppnå eit godt lagringsresultat.

Potethosting Foto Jon Olav Forbord
Det er lettast å redusere risiko for skadar ved opptaking, når temperaturen i knollane er mellom 11 og 16 °C. (Foto: Jon Olav Forbord)

Opptaking

Risdreping, modning og skalkvalitet ligg utom emnet, men er grunnleggande for lagringsresultatet. Det viktigaste for å oppnå eit godt lagringsresultat er å unngå skadar ved opptaking. Lagersjukdommar er ikkje reparerbare, men det er muleg å minimere problemet eller å unngå at det auker i omfang.

Det er lettast å redusere risiko for skadar ved opptaking, når temperaturen i knollane er mellom 11 og 16 °C. Om det er muleg å unngå, bør ein ikkje ta opp potet når knolltemperaturen er under 7 °C. Dersom temperaturen er over 18 °C, er poteten særs mottakeleg for blautråte og pytiumråte.

Ut over hausten er den generelle regelen at knolltemperaturen følgjer lufttemperatur med 3-4 timar forseinking.

20210922 093613
Opptaking og handtering skal gi minst 75 % heilt uskadd potet til både kort- og langtidslagring. Sjekk kvalitet under opptaking – fleire gonger. (Foto: Camilla Jacobsen Eng)

Lagerråter

Blautråtebakterien finst meir eller mindre over alt, og kan starte eit angrep ved dårleg opptørking når det er eit sår i skalet. Men som regel er blautråte viktigare som følgjesjukdom på andre sjukdommar. Tørråte, raudråte, pytiumråte m. fleire, lager skaden som gir blautråte innpass. Potet med blautråteangrep bryt lett saman, og spreier bakteriar til naboknollar. Blautråtebakterien er favorisert av temperatur over 10 °C og ingen eller liten oksygentilgang. Det kan gi råtereir og rask kollaps.

Fusarium og fomaråte er tørre råter, som utviklar seg med lagringstida. Dei kan gi stor utsortering når lagringstida blir lang. Ved vanleg lagringstemperatur, 3-4 °C, går utviklinga av fusarium relativt sakte, medan fomaråte har raskare utvikling ved låg enn ved noe høgare lagertemperatur.

Sølvskurv har to åtskilde fasar. Den første fasen er i jorda og gir knollangrep ved navleenden. Den andre fasen er utvikling av sølvskurv under lagringsperioden. Når vilkåra er gode for sølvskurv, kan angrepet bli så stort at det dekker heile knollen.

Rask nedkjøling er gunstig for å hindre utvikling av sølvskurv. Men kan i staden gi store utfordringar med blautråte, fusarium og fomaråte. For å redusere risiko for at desse sjukdommane utviklar seg på lageret, er det viktig med god sårheling før ei startar nedkjølinga.

20220624 085922
Fyll lageret så raskt som råd og gjennomfør ei god sårheling. (Foto: Camilla Jacobsen Eng)

Innlagring

Rett utnytta er varmeutviklinga i poteten stor nok til å tørke opp poteten gjennom naturleg ventilasjon eller styrt ventilasjon i eit lager. Dersom luftstrømmen går på naturleg måte - opp gjennom kassene, hindrar stigande temperatur langs luftvegen kondensutfelling.

Når alt spelar på lag, jorda er passe fuktig og temperaturen i poteten mellom 11 og 16 °C, er det berre å «kjøyre på». Da skal eit godt innstilt ventilasjonssystem handtere opptørking og legge til rette for sårheling. Men dersom jorda er blaut og temperaturen mindre gunstig, er ekstra innsats med opptørking før innsetting på lager særs god butikk. Og er aller viktigast for potet som skal langtidlagrast.

Etter kvart som utetemperaturen går nedover, må vi passe på så ikkje temperaturen inne på lageret går ned for fort når ein ikkje har kjøleanlegg. Dersom vi har 12 °C inne på lageret i slutten av september, skal temperaturen senkast med små steg fram til utetemperaturen ligg stabilt rundt 4-5 °C store delar av døgnet. I mange områder blir det frå slutten av november til midt i desember. Når temperaturen i poteten først har vore nede på 5 °C, er all hemming av groing borte. Ustabil lagringstemperatur gir tidleg groing og auka lagersvinn.

Sårheling

Sårhelinga er temperatur- og fuktavhengig, og skjer frå 7 °C og raskast ved 15-17 °C. Temperatur over 12 °C gir liten tidsgevinsten, men stor auke i risiko for utvikling av blautråte.

Høg luftfukt fremmer sårhelinga. Og den kan stoppe heilt opp i tørr luft. Fritt vatn (kondens), som lagar ein dekkande film, gir fritt fram for sopp og bakteriar. To veker er som regel nok til å gjennomføre ei god sårheling.

Nedkjøling

I lager utan kjøleanlegg skal temperatursenkinga skje i små steg og utan tilbakeslag. Ei for tidleg nedkjøling etterfølgd av ein periode med høgre temperatur, kan utløyse groing allereie ved årsskiftet.

I år kor vi har hatt usedvanleg fine opptaksforhold, er det ingen grunn til at temperaturen i poteten skal vera under 8 - 10 °C i slutten av oktober. Planlegg seinkinga av temperaturen i lageret i samsvar med normal utetemperatur for staden. Avhengig av produksjon skal stabil lagringstemperatur vera:

  • Chipspotet 6 - 8 °C
  • Matpotet 3 - 5 °C
  • Settepotet 3 - 4 °C

For å halde kontroll med utviklinga på lageret, er det viktig med minst 3-4 termometer. Plasser eit termometer i nederste, midterste og øverste kasse. I lager med naturleg ventilasjon er det normalt med om lag ein grad høgare temperatur i øverste enn nederste kasse.

20230419 191403
Sjekk lageret fleire gonger i veka, uansett kor avansert ventilasjonssystem ein har. (Foto: Camilla Jacobsen Eng)

Kvileperiode

Kvileperioden til mat og settepotet inntreffer når varmaste potet på lageret ligg stabilt under 4,5 °C - den høgaste temperaturen som hindrar groing. Lufttemperaturen på frisklufta ligg da på 3,0-3,5°C inn i lageret. Noe som sjølvsagt er lettast å oppnå i eit lager med automatisert temperaturstyring.

Fabrikkpotet

Potet som skal gå til chips og mos, skal ikkje lagrast ved lågare temperatur enn 6 °C. Viser forøvrig til spesielle krav frå HOFF-Sundnes.

Lufttemperatur og opptørking

For å illustrere det som skjer ved opptørking av potetkassen, er det tatt med fire enkle teikningar, laga av Alf Johanson. Både drømmesituasjonen og opptørking med litt kaldare luft enn temperaturen gir ønska resultat. Sjokkjøling og kald potet inn på varmt lager gir blaut potet.

Kondens i potetkasser

Nokre nøkkelpunkt

  • Opptaking og handtering skal gi minst 75 % heilt uskadd potet til både kort- og langtidslagring. Sjekk kvalitet under opptaking – fleire gonger.
  • Gjennomfør styrt opptørking når det er nødvendig, før innsetting på lager
  • Fyll lageret så raskt som råd og gjennomfør ei god sårheling.
  • Sjekk lageret fleire gonger i veka, uansett kor avansert ventilasjonssystem ein har.
  • Relativ luftfukt i ventilasjonslufta har stor effekt på uttørking av potet