Bli enda betre kjent med Lars Gunnar!

Lars Gunnar kjem frå gard med mjølkeku, gris og korn i Sunndal på Nordmøre. Med både Bachelor i agronomi frå Høgskolen i Innlandet, Blæstad, og fagbrev som anleggsmaskinmekaniker, har Lars Gunnar mykje relevant kunnskap og erfaring som kjem bøndene til gode i hans rådgjeving.

Kva hjelper du flest bønder med?

Det må vere gjødslingsplan. På maskinteknikkfronten går det mest i å hjelpe gardbrukarar i gang med nytt utstyr.

Kva ønsker du at fleire skal etterspørje?

Det hadde vore tøft å få fleire interessentar på bruk av drone og satellittverkty i grovfôrproduksjon.

Kva er ditt favorittrådgjevingsaugeblink?

Det eg likar best med å vere rådgjevar er å møte bønder og høyre om deira erfaringar. Det er og kjekt når eg kan bidra med kunnskap som gardbrukarane får nytte av.

Kontakt Lars Gunnar no!

📞 +47 932 71 873

📧 lars.gunnar.flatvad@nlr.no

Lars gunnar 2
IMG 0809
Kompetanseoverføring er ein viktig del av kvardagen til NLR-rådgjevarane. Her er Lars Gunnar (til venstre) samen med presisjonskollega Atle Lende.