Fyrste dag starta med luftboren helsing frå Bjarne Holm, direktør i NLR. Så ønskte Stig Runar Størdal, regionsjef for NLR Midt, vel møtt, godt nytt år og uttrykte glede over dei mange som hadde funne vegen trass i kulde og nyss avslutta nyttårsfeiring.

Resten av dagen var sett av til bli kjent-aktivitetar i regi av verksemda Steg for steg frå Lesja som hadde lagt opp eit intenst program. Føremålet var:

  • Bli betre kjent
  • Byggje ein «Vi-kultur» i NLR Midt
  • Få eit felles bilete av kva vi ønskjer å oppnå

Det var korte førelesingar kring det at to skal bli eitt samt gleder og sorger som fort oppstår i slike prosessar. Ikkje minst kor viktig det er med organisasjonskultur. Både å ta med seg det gode frå tidlegare, legge att det mindre gode, og så utvikle ein ny for det nye.

Og den må verte mest mogeleg positiv og skape grunnlag for trivsel, kvalitet og effektivitet.

Førelesingane vart etterfølgt av ulike øvingar som alle skulle vere med på. Dette føregjekk i grupper av ulik storleik. Fyrst for å få fram forventningar dei einskilde har til samanslåinga med omsyn på fagkunnskap, struktur og organisasjonskultur.

Sidan var det andre øvingar der samarbeid var ein føresetnad for å lukkast.

Det heile toppa seg – kan ein seie – med øvingar der det skulle skapast noko nytt innan kunstarter som skulptur, song, teikning, poesi, drama og dans. Folk fekk sjølve velje gruppe og sette i gong. Sidan skulle kunstverka framførast eller visast fram alt ettersom.

Dansegruppa fekk alle med på «Jenka». Poesigruppa hadde skrive dikt om føregåande prosessar med nye NLR, tvil og tru som ein no håper er borte. Songgruppa hadde laga samlingssong på melodien «Alle fugler». Dramagruppa hadde laga eit sjølvironisk spel om ein bonde som stadig fekk nye tilbod om tenester. Teikne og skulpturgruppene hadde laga kunstverk om håp, grafikk og føremål med «nye NLR».

Foto 1
Tonje Aspeslåen viser fram installasjonen som ei av skulpturgruppene hadde laga

Poesigruppa sitt dikt

Foto 2
Tegnegruppa fullt konsentrert om skapingsprosessen. Foto: Steg for steg.
Foto 3
Glade songfuglar syng om storleik og breidde i fagtilbodet i NLR Midt. Foto: Steg for steg.

Songgruppa sin song

Til slutt var det oppsummering av dagen og gode råd på vegen steg for steg frå Steg for steg.

Dagen etter var det fag og organisasjon i fokus. Fyrst ein presentasjon av prosjektet «Berekraftig bonde» som NLR Trøndelag starta med finansiering frå Sparebank1 Midt-Norge og som naturlegvis skal vidareførast.

Så var det orientering om dei ulike fagområda i NLR Midt.

Så vart flokken spreidd til samlingar innan fagområda med kvar sine program med aktuelt ved oppstart av den «nye» både NLR og NLR Midt samt endringar i måten å drive på som den nye organiseringa fører med seg.

Regionsjef Stig Runar sa seg godt nøgd med samlinga og ser optimistisk på framtida for den nye organisasjonen både lokalt i Midt-Norge og nasjonalt. Viktig for medlemmane å vite er at dei skal ha tilgang på dei same tenestene som tidlegare, rådgjevarar skal vere enkle å få tak i og få hjelp ifrå. Vidare skal dei ha tilgang til ein organisasjon med mål om å vere både oppdatert og i framkant av utviklinga både når det gjeld kunnskap, kompetanse og nye tenester som framtida måtte krevje.

Foto 4
Dansegruppa fekk (nesten) alle med på Jenka. Foto: Steg for steg.