Det er no opning for at IN kan gje støtte til varmepumper og solcelleanlegg under ordninga "Fornybar energi i landbruket". I 2022 er den nasjonale ramma for Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket på 107 mill.

Grunnen til at Innovasjon Norge no også støttar reine solcelleanlegg er at landbruket i større grad må ta aktivt grep for å redusere klimaavtrykket i matproduksjonen. Solcellene har dessutan vorte billegare og meir effektive dei siste 5 – 10 åra. Vi kan derfor gje støtte til kortreist energiproduksjon, dvs. energi som blir brukt på gardsbruket.

Finansiering av støtte til solenergi kjem inn under det vi kallar gardsanlegg med næringsformål. Eit krav her er mellom anna at det er aktiv landbruksdrift på garden, samt eit forbruk på minimum 25 000 KWh i næringssamanheng.

Informasjon til aktuelle søkjarar om støtte til solcelleanlegg
Sjekk forbruk av straum frå 1. april til ca 1. oktober, dette er den perioden solcellene produserer 70-80 % av straumen. Ein føresetnad frå Innovasjon Norge er at du bør bruke det aller meste av straumen (70 – 90 %) sjølv for å sleppe å sende straumen ut på nettet. Grunn til dette er at det som går ut på nettet blir betalt med spotpris (gjennomsnitt siste 5 år = ca 20 – 25 øre / kWh).

Tips: Dersom du vurderer solceller bør du få leverandøren til å lage simuleringsrapport som viser kor stor del av den produserte solcelleenergien du kan utnytte sjølv.

Her er lenkje til heimeside og søknadsskjema dersom du ønskjer å søke om støtte:

https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/finansiering-for-landbruket/fornybar-energi-i-landbruket/

Inne på nettsida kan du trykke på dette bildet:

  1. --> opprett søknad for investeringer i anlegg for bioenergi
  2. Trykk på Bank-id og «Min Side»
  3. Fortsett og fyll ut info om organisasjonsnummer mm.

Inne på skjemaet for bioenergi søker du på Gardsvarmeanlegg i næring. I 2022 vil vi normalt løyve inntil 25 % støtte.

Dersom du tenkjer søke om støtte er det fint om du legg ved totaltilbodet fra leverandør, samt dokumentasjon på kraftforbruk i perioden 1.4.- 1.10., pluss evt. framtidig kraftbehov, til søknaden.

Legg også ved næringsoppgåve for siste år, samt skattemelding for evt. begge ektefeller/sambuarar.

Søknad om støtte kan sendast inn frå 1. november 2021, og blir handsama på nyåret 2022. Søknaden må sendast før du investerer, og pga stor pågang vil eg tilrå at det blir søkt seinast februar 2022.


Vedlagt ein liten oversikt over aktuelle solcelleleverandørar i Vestland og Rogaland (det finst heilt sikkert fleire):

1. Norsk Solenergiforening - Solceller — Norsk solenergiforening. Kompetansemiljø.

2. Solbære AS (Bergen) - https://www.solbaere.no/

3. Solcellespesialisten - Kontakt oss (solcellespesialisten.no)

4. Otovo Solar - Spar penger med solceller fra Otovo

5. Solcellekraft AS - https://www.solcellekraft.no/

6. Kverneland Energi – Klepp, Rogaland Kverneland Energi

7. Haugalandet Kraft - Solkraft – Solcellepanel til ditt hjem – Haugaland Kraft (hkraft.no)

8. BlueTec Vest AS - Årdal i Sogn. Bluetec Vest – Din lokale solcelle leverandør

9. Suno Installasjon AS - Kokstad, Bergen. Suno - Adapt to the future

10. Solcellepaneler.com - Solcellepaneler til landbruk og fjøs


Ta evt kontakt for utfyllande opplysningar:

Kontaktpersonar i IN Vestland:

Leif Inge Husabø
Finansieringsrådgiver
Mobil: 99444683

Leif jobbar med prosjekt innen energi, industri og maritim sektor. Han jobbar også med fornybar energi i landbruket. Kontorstad: Sogndal

Åge Bremer
Finansieringsrådgiver
Mobil: 97593036,
e-post: age.bremer@innovasjonnorge.no

Åge er finansieringsrådgiver med spesielt fokus på reiseliv, trenæring, samt tilleggsnæringar og fornybar energi i landbruket. Han arbeider også tett med gründerar. Kontorstad: Bergen