Klikk på lenka til kurset du er interessert i for å lese meir og melde deg på.

Alle kurs startar kl 09.30 og er ferdige seinast kl 17.00

Kursinstruktør Kolbjørn Taklo

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann. Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for brannvakt.

Kurset tek føre seg:

  • Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
  • Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
  • Brann- og sløkkjeteori
  • Risiko ved utføring av varme arbeid
  • Praktisk sløkking
  • Eksamen

Kurset er på 7,5 timar med eksamen og sløkkjeøving. Normal kurstid er frå 09.30 til 16.30. Lunsj er inkludert.

Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Pris:

  • 2000 for medlemar i NLR
  • 1800 for medlemar med HMS-avtale
  • 2800 for andre

Bøker og eksamen er tilgjengeleg på norsk, engelsk og polsk, men undervisninga er på norsk.

Digital lærebok (EPUB)

Frå 01.01.2020 er læreboka digital. Boka er i eit EPUB-format, og det betyr ein treng eit særskilt program for å lese ho. Du får informasjon om tilgang til boka når du har meldt deg på kurset.

E-læringskurs

NLR tilbyr også sertifiseringskurs for brannsikring ved varme arbeid som eigenstudie via e-læringkurs. I tillegg til sjølve kurset og eksamen må du gjennomføre ei praktisk sløkkjeøving innan 3 mnd. etter at kurset er gjennomført. Dette kan du gjere på eit av dei vanlege kursa vi har, vi kjem og til å halde eigne sløkkjeøvingar dersom det er behov for det. Ta ev kontakt med kurshaldar.

Pris på kun sløkkjeøving er kr 500,- Dersom du ønsker e-læringskurset, kan du finne det her (ekstern kobling).

Ta kontakt med ein av våre HMS rådgjevarar dersom du har spørsmål