Bli med på webinarserie og samling for kursing, kunnskapsheving og nettverksbygging!

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), arrangerer saman med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Økologisk Norge (ØN) seks webinar hausten 2023, for deg som er i oppstarten av eller vurderer oppstart av økologisk produksjon.

Dyktige fagpersonar tek føre seg grunnleggande kunnskap om økologisk landbruk. Vinteren 2024 arrangerer vi ein ny runde med webinar. Då er temaa meir konkrete og spissa mot dei ulike produksjonane deltakarane har.

Prisen: 400 kr. Påmeldinga gjev også tilgang til webinarserien som blir arrangert vinteren 2024.
Påmeldingsfrist: 31. oktober. Ved utført betaling blir det sendt ut lenka til webinara.

Program og påmelding >

Vi arrangerer ei samling på Opaker gård ved Kirkenær den 11. -12. januar 2024, med fagleg påfyll frå forskarar, rådgjevarar og bønder, og ikkje minst får du anledning til viktig nettverksbygging og sosialt samvære med andre i same situasjon som din.