Vêr og vekst i 2020

Tilsynelatande var det gode forhold for overvintring vinteren 19/20. Likevel var det ein del tynn eng frå våren av. For ein del kan dette skuldast litt sein tredjeslått i 2019.

I følgje målestasjonane var vekststart på Linge 10. april og på Tingvoll og i Surnadal 23. april. Noko våronn vart gjort i månadsskiftet april/mai, men mykje måtte vente til siste del av mai. Mai var kald og fuktig, men bortsett frå nokre dagar i starten av mai, kom det ikkje voldsomme nedbørsmengder på kort tid. Langvarig kaldt og fuktig vêr kan likevel ha gjort at ein del gjødsel gjekk tapt i mai.

Det meste av sommaren har vore fuktig og kald. Unntaket var juni som var uvanleg varm og tørr. På sandjorda fekk ein del gardar tørkeskadar på førsteslåtten og måtte slå tidlegare enn planlagt. Juli var forholdsvis kald og våt, og ein del andreslått ber preg av det.

På grunn av litt lite fôr hadde ein del planlagt tredjeslått i år. Dårleg vêr utover i september førte til at mykje tredjeslått vart teken sist på september; i den dårlegaste tida når det gjeld innvintring.

Møre og Romsdal 20201.slått2.slått3.slått
Tørrstoffprosent362828
Råprotein g/kg TS145152165
NDF g/kg TS526511467
Sukker g/kg TS836854
OMD %727276
Energi MJ/kg TS6,16,16,4
FEm/kg TS0,860,860,9
Mjølkesyre g/kg TS425356
Eddiksyre g/kg TS8,913,213,5
Ammonium-N g/kg N

95

110103

Figur 1. Grovfôrkvaliteten i Møre og Romsdal 2020, gjennomsnitt av 376 prøver frå førsteslått, 237 prøver frå andreslått og 8 prøver frå tredjeslått.

Innhald i fôret

Energiinnhaldet i både første- og andreslått er 0,86. Dette er middels, men litt betre enn i 2019. Førsteslåtten ber preg av tørre forhold, med tørrstoffprosent på 36 og forholdsvis høgt sukkerinnhald.

Andreslått har lågare tørrstoffinnhald og litt mindre sukker. På grunn av tørt vêr er gjæringskvaliteten litt betre i førsteslått enn i andreslått. Men tala frå begge slåttane tyder på at mange har ein del å gå på når det gjeld ensilering. Når gjennomsnittstala viser både mjølkesyre, eddiksyre og ammonium i øvre del av det som er optimalt, tyder det på at mange enkeltprøver har for høg mikrobiell aktivitet. Her kan både faktorar som lengde på fortørkinga og bruk av ensileringsmiddel ha spela inn.

For tredjeslått er det berre 8 prøver. Desse er slik tredjeslåtten brukar å vere med bra energiinnhald, høgt protein og lite struktur.

Ein del låge verdiar

Vi ser ein del låge verdiar av næringsstoff i fôrprøvane frå førsteslåtten, særleg svovel (S) og fosfor(P). S og P er avhengig av god temperatur for å bli tilgjengeleg. Dette er nok forklaringa på låge verdiar i år.

Ein del prøver har låge verdiar av protein. Lågt proteininnhald kan kome av tidleg gjødsling og nitrogen(N)-tap på grunn av vassmetta jord i mai, eller for svak gjødsling i forhold til avlingsnivået. Vi ser også ein del høge proteinverdiar. For mange vart det veldig kort tid mellom gjødsling og førsteslått. Dette vil gi utslag i høgt proteininnhald og dårlegare proteinkvalitet.

For sein N-gjødsling gir også dårlegare effekt på avlingsmengda. Ved sein gjødsling og tørke som i år, kan det skje at gjødsla i liten grad blir tatt opp av førsteslåtten. Dette vil gi utslag i lågt proteininnhald i førsteslåtten, men høgt i andreslåtten sidan den fekk dobbel dose.

Ta fôrprøver

Det vi har omtala her er gjennomsnittsprøver. Vi oppfordrar nok ein gong til å ta eigne fôrprøver. Dette er sjølvsagt nyttig for å planlegge fôringa. Men det kan og gi gode svar på korleis ein treff med gjødslinga. Dess meir detaljert ein går til verks, dess betre kontroll får ein på eiga drift. Det beste er mest muleg prøver på skiftenivå, men ein samleprøve på første- og ein på andreslått er langt betre enn ingenting. I tillegg til fôrprøver bør ein ha oversikt over tal rundballar, vekt og tørrstoffinnhald på skiftenivå.

Dette vil både gi god oversikt over årets mengde og kvalitet, men på sikt vil det og gi veldig god oversikt over potensialet til skifta, og dermed gi grunnlag for optimal gjødsling og eventuelt avdekke om ting ikkje fungerer optimalt.

Nedbor more og romsdal 17 20
Figur 2. Nedbør april-september 2020. Gjennomsnitt for målestasjonane i Linge, Tingvoll og Surnadal.
Varmesum 17 20 more og romsdal
Figur 3. Varmesum (døgngrader) april-september 2020. Gjennomsnitt for målestasjonane i Linge, Tingvoll og Surnadal.