Fôrprøven viser meir enn næringsinnhald

Ei fôranalyse kan gje svar på energiinnhald, protein, sukker, gjæringskvalitet med meir; som er viktig for næringsopptak og smakelegheit. Men visste du at ein også kan nytte fôranalysen til å vurdere gjødslingsregimet? Når ein fyller ut bestillingsskjema for fôranalyse er det da viktig å bestille ei analysepakke som tek med mineral. I tillegg til klor, som blir analysert gjennom NIR-analyse, får ein da med ei kjemisk mineralanalyse på kalsium, kalium, fosfor, magnesium, natrium, svovel, mangan, sink, kopar, jern og bor. I tillegg får ein med tal for kation-/anionbalansen.

Næringsstoff og mineral i grovfôret speglar gjødslinga

I tillegg til at ein ønskjer å vite mengde protein i graset med tanke på fôringa, kan proteininnhaldet gi ein indikasjon på utviklingstrinn ved slått, korleis ein har treft med nitrogengjødslinga og/eller slåttetidspunkt i forhold til gjødsling. Om proteininnhaldet er veldig høgt, kan det bety at ein har gjødsla for tett på haustinga eller bruka for mykje nitrogen totalt til slåtten.

På fôranalysen finn ein òg tal på nitratinnhaldet som kan seie noko om nitrogengjødslinga. Er nitratinnhaldet høgt, er det sannsynlegvis gjødsla sterkt med nitrogen og deretter hausta for tidleg. Dette kan lede til nitrat-/nitrittforgifting på dyra i fjøsen, noko som i verste fall kan føre til dødsfall eller abort.

Kalium

Nok kalium (K) er viktig for å ta ut avlingspotensialet i enga. Samtidig vil for sterk gjødsling med K gi luksusopptak og feil mineralbalanse i fôret. Med luksusopptak meiner vi at graset tek opp meir kalium enn det har behov for. Jordprøver gir eit godt utgangspunkt for berekning av K-behov, men det er kva ein finn att i fôret, som er fasiten; og fôranalyser er ein sikrare metode for å sjekke kor godt ein har treft.

Det same gjeld fosfor. Her kan ein sjå på opptaket i planta om ein har fått dekka behovet til graset. Svovel- og nitrogenindeks gir òg ein peikepinn på gjødslinga. Nok svovel i forhold til nitrogen er viktig for proteinsyntesen.

Fôrprøve + telling og veging av rundball = kontroll på gjødsling til avling

Ei fôranalyse gir svar på næringsinnhald og tørrstoff i graset. Men kor stor avling fekk du eigentleg? Fekk du utbytte av den gjødselmengda som vart brukt? Om ein i tillegg til fôrprøve tek seg tid til å telle og vege rundballar, kan ein nytte dette til å estimere avling. For å få ei realistisk rundballevekt bør ein vege 5-6 ballar og rekne gjennomsnitt av desse.

Veging av rundball i Vistdal i 2019 Fotograf Hilde Hegnes
Veging av rundball i Vistdal. Foto: Hilde Hegnes

Fôreiningskonsentrasjon (FEm), tørrstoff, tal rundball og gjennomsnittsvekt kan nyttast til å finne avlingsnivå per daa. For dei som legg i silo kan det vere vanskelegare å berekne avling per daa. Men om du har tal lass, samt vekt på lassa på dei ulike teigane vil det også fungere.

Kor høg vart avlinga, og kvifor?

Har du fått den avlinga du gjødsla til? Supert! Fekk du lågare avling enn forventa? Fekk du høgt proteininnhald og høg nitrogenindeks, men låge kaliumtal? Kanskje kalium var den avgrensande faktor for å få høg nok avling.

Fôranalysen gir svar på fleire av desse spørsmåla og kan nyttast til å justere gjødslingsmengde og -type til neste vekstsesong. Den beste oversikta får du om du tek jobben med å registrere avling på skiftenivå over fleire år. Da vil du etter kvart få eit godt bilete av potensialet til kvart enkelt skifte, og dermed kunne gi skifta akkurat den gjødsla dei har behov og kan gi att avling for.

Ta prøve av husdyrgjødsla di

Til slutt vil vi oppfordre til å sende inn prøve for analyse av husdyrgjødsla. Når ein veit behovet til graset gjennom jordprøver, og gjennom fôrprøver har fått ein peikepinn på korleis ein har treft med gjødslinga, er det greitt å vite kva ein faktisk gjødslar med for å lage ei god gjødslingsplan. Næringsverdiane frå husdyrgjødsel som vert nytta i gjødslingsplanlegginga er standardtal basert på gjennomsnitt, og vil ofte ikkje vere presise nok for å kunne berekne behovet for mineralgjødsel. Innhald av både nitrogen, fosfor og kalium kan vere høgare eller lågare enn ein trur, og då kan ein risikere å anten køyre ut for mykje gjødsel i forhold til behovet, eller spare seg til fant ved å underkompensere med mineralgjødsla.

Ta kontakt

Du kan ta fôrprøver sjølv eller ta kontakt med din grovfôrrådgivar – vi har både utstyr for uttak og emballasje til innsending! I tillegg kan vi tolke resultata frå analysen i Surfôrtolken, som gir eit betre bilete på resultata. Vi har òg flasker for uttak av husdyrgjødselprøve.