Denne veka og godt inn i neste veke er det meldt regn over heile Vestlandet. På areala som vart slått tidleg i juni blir det andreslått så fort vèret er lagleg og jorda blir køyrbar.

I eng som vart slått tidleg vil fleire plantar setje frøstengel på andreslåtten samanlikna med ei eng som vart hausta på eit seinare stadium. Det betyr at dei som slo ein tidleg 1. slått også må slå tidleg på 2. slåtten - om ein ynskjer eit energirikt fôr. Der det er lagt opp til middels eller sein hausting på fyrsteslåtten vil energiinnhaldet på andreslåttenga halde seg høgt lenger.

Om våren har vi i våre område ofte veldig ulik vekststart, sjølv innanfor små geografiske område. På ein gard kan det skilje fleire veker mellom ein sørvendt teig med god helling kontra det flate arealet rett nedanfor. Ingenting kan erstatte ein tur ut i enga, men varmesum er eit av fleire hjelpemiddel/rettesnorer for å hauste eit fôr av ønska energikvalitet.

For Kvam i Hordaland er varmesummen no nærmare 600 døgngrader om slåtten vart teke 10-15. juni. Ved 550 døgngrader er energiinnhaldet sannsynlegvis betre enn 0,90 Fem/per kg tørrstoff. Ynskjer ein middels kvalitet (0,85 FEm) så bør slåtten takast etter 650-700 døgngrader.

Varmesum kan ein finne på Landbruksmeterologisk tjeneste. Sett inn slåttedato og så kjem varmesummen fram. Hugs å setje basistemperatur til 0 grader. Hugs på at dette gjeld ved temperaturmålingar teke på ein bestemt målestasjon. Plassar høgare over havet med anna vèr kan ligge ein del lågare i varmesum.

Meir om varmesum i artikkel frå fjoråret «Varmesum/døgngrader mellom slåttane» av NLR Vest