Stikkord undervegs i beitesesongen: Tilsyn med dyr, beitepress, tilleggsfôring, pussing, gjødsling og bekjemping av ugras!

I store delar av Vestland har vi store utmarksressursar og kan sleppe drektige kviger og sinkyr til fjells. Kalvar treng meir tilsyn og betre beite for å vekse godt. Kraftig fôring etter innsett kan kompensere noko for manglande tilvekst gjennom sommaren, men det er fleire tiltak vi kan gjere for å sørge for gode innmarksbeite.

Pussing av beite

Beita har no fått rikeleg med nedbør og vatn er ikkje lenger begrensande faktor for vekst. Det optimale på beite er at ein styrer beitetrykket med å sleppe dyra tidleg nok innpå og unngå for mykje vraking av gras – og tilpasse dyretalet på beita etter tilveksten. I praksis er dette ikkje like enkelt. Dyra går etter det beste graset, og om ein har for få dyr på eit areal når tilveksten er god om våren vert det fort ein del gras som blir for gamalt og vraka sjølv om ein har «nok» beitedyr. Innmarksbeita på Vestlandet er ofte «mykje terreng», men der du evt. kjem til med beitepussing vil dette knuse grastuer som er vraka og sørge for ny tilvekst av unge skot. I tillegg vil beitepussaren spreie møkaruker.

Gjødsling av beite

Gjødsling av beita vil halde tilveksten og kvaliteten oppe ut over sesongen. Tommelfingerregelen er å tilføre 1 kg nitrogen per veke, med 3-5 kg nitrogen i kvar tildeling. Har du spreidd husdyrgjødsel på beite om våren så kan det vere nok med å tilføre rein nitrogen evt. 25-2-6. Dette kan vere 12-20 kg Opti-NS eller 25-2-6 kvar 5. veke. Om du nyttar 22-2-12 eller 22-3-10 så tilsvarar dette 14-23 kg. Snakk med rådgjevaren din ang. val av gjødseltype til beite.

Tiltak mot ugras

Kamp mot tistel eller høymole på denne tida handlar om å hindre frøspreiing. I eng er det «lett» å ta att ein ugraskamp som er forsømt, men på beite der ein ikkje kan bruke åkersprøyta gjeld det å ha kontrollen over «alt» rotugras for å hindre frøspreiing. Er tistelen komme langt bør du samle plantane då frøa kan ettermodnast. Brenn dei gjerne (dersom forholda tillèt det) eller komposter dei på ein kontrollert plass.

Mekanisk ugrasbekjemping kan utførast medan dyra går på beite. Skal du sprøyte så må dyra vekk frå beitet. Sjå på behandlingsfristen til plantevernmidlet om du må vente ei eller to veker før du kan sleppe tilbake dyra.

På beite der lyssiv er problem går vi no inn i den tida der tiltak har best effekt. Beitepussing over fleire år vil svekke plantane, og i forsøk har ein pussing seint i sesongen hatt betre effekt enn to gongar pussing (Lyssiv og knappsiv – aukande problemugras i eng og beite). Ryddesag med blad er effektivt, men tidkrevjande om det er mykje lyssiv. Dersom du får kutta tuene 1-2 cm lågare enn jordoverflata har forsøk vist at det blir liten gjenvekst av ugraset. Sprøyting med ein blanding av 150 ml MCPA/Agrixone og 150 ml Mekoprop har god verknad. Les meir i «Lyssiv og Knappsiv» av NLR Vest.

Det er mogleg å gjere manuelle tiltak mot einstape, men ein må då vere klar over at det er ein fleirårig jobb. To gongar slått i sesongen er betre enn ein, men om du berre får slått ein gong er den rette tida no i juli. Av sprøytemiddel så er det Gratil som er einaste aktuelle midlet. Dersom eit beite har eit plantedekke som består av meir enn 50% bregneplantar så reknast det ikkje lenger som innmarksbeite. Les meir om einstape i «Einstape – midtsommars er god tid for bekjemping»

Styre dyretalet

Tilveksten på dyra vil uansett gå ned utover sesongen, det betyr at same tal dyr treng eit større areal eller få tilleggsfôring.

Som alt anna i landbruket handlar drift av innmarksbeite om å ha ein plan gjennom heile sesongen. Du kan lese meir om temaet på nettsidene; til dømes «Stell av innmarksbeite gir produksjon» av NLR Rogaland og «Gjødsling til haustbeite» av NLR Vest.

Målretta beiting

Dette er ein metode som går ut på å etterlikne naturen når flokkar av dyr et, trakker og gjødslar beitemark. Les meir om dette på artikkel frå NLR Østafjells: Beiter som blir bedre år for år