Å bruke fisk som gjødsel har vore vanleg langs kysten tidlegare. Røynsler og forsøk har vist at fiskeprotein har god gjødselverdi, særleg av nitrogen og fosfor. Innan fiskeoppdrettsnæringa går utviklinga no mot auka smoltproduksjon på land. Dette slammet er ei blanding av fiskegjødsel og fôrrestar, og må samlast opp. Ein har utvikla ein tørkemetode for vått slam, der ein oppnår ein tørrstoffprosent på over 80%. Tørkinga gjer det enklare å transportere, lagre og spreie slammet. Kan bruk av slammet som gjødsel i eng eller åker vere eit alternativ? Kan dette vere lønsamt og praktisk for både gardbrukar og oppdrettar? Etter initiativ frå lokale gardbrukarar og MOWI på Sunnmøre, vart det lagt ut eit forsøksfelt på Vartdal i Ørsta kommune 2017. Forsøket vart avslutta i 2018.

Forsøksplan

Tabell 1.- Feltet har 7 forsøksledd og 2 gjentak. Feltet vart hausta i juni og august 2017, og i juni 2018.

Forsøks-

ledd

Gjødsling 2017,

vår, kg/dekar 1)

Gjødsling 2017 etter 1. slått, kg/dekar

Gjødsling 2018 vår, kg/dekar

1

Ugjødsla

Ugjødsla

Ugjødsla

2

150 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

3

300 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

4

600 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

5

30 kg F22-2-12

15 kg F22-2-12

30 kg F22-2-12

6

60 kg F22-2-12

30 kg F22-2-12

60 kg F22-2-12

7

300 kg slam

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

1).- Innhald per 100 kg slam: N: 4,5 kg, P: 2,0 kg, K: 0,1 kg.

Tabell 2.- Resultat frå registreringar og haustingar i 2017. Avlingstala er kg tørrstoff per dekar, i gjennomsnitt for to gjentak.

Forsøks-

ledd

Avling 1.

slått, kg

Avling 2. slått kg

1

397

175

2

506

283

3

519

307

4

565

312

5

541

256

6

647

296

7

519

293

LSD5%

86

56

Resultat

I første slått 2017 var det sikker meiravling for alle ledd med fiskeslam, i høve til ugjødsla ledd. Det er tendens til auka avling opp til største mengde slam. Trass høgt innhald av nitrogen i slammet, var det likevel størst avling på ledd 6, med «normal mengde» Fullgjødsel.

Fiskeslam inneheld lite kalium. I ledd 2,3 og 4, vart det tilført små mengder kalium i tillegg. I avlingsmålingane fann ein ikkje sikre utslag for slik tilførsel. Derimot er det ein tendens i planteprøvene, der det er høgare innhald av kalium i planteprøver frå ledd 3 enn i ledd 7. Ledd 7 fekk ikkje tilført ekstra kalium.

Det var sikre meiravlingar i 2.-slåtten på alle ledd med slam. Avlingstala er på same nivå som ved bruk av normale mengder Fullgjødsel. Sidan frigivinga av nitrogen i fiskeslam går saktare enn i Fullgjødsla, vil mykje av næringsstoffa frå slam spreidd om våren, kome til nytte i håslåtten i august.

Etterverknad av fiskeslam året etter spreiing

Resultat og observasjonar tyder på at mesteparten av nitrogenet i fiskeslammet frå våren 2017, vart nytta av plantane vår og sommar. Det var få teikn til gjødselverknad av største mengde slam, hausten 2018 og våren 2018.