Nr 4 Hoymole
⋅ Grovfôr

Sprøytemiddel i eng og beite

I NLR Vest har vi i mange år brukt verknadstabell for ugrasmiddel i eng, beite og attlegg. Tabellen for eng og beite er ajourført for 2020, og du finn han her:
Vest
Markdag olve
⋅ Grovfôr

Markdag i Ølve

Mandag 25. mai arrangerte vi markdag i Ølve. Vi var veldig heldig med været og 12 ivrige bønder møtte fram.
Vest
Myrstankelbein larve
⋅ Grovfôr

Angrep av myrstankelbein

Myrstankelbein gjev skade både i eng og på beite. Larvane held seg i øvre jordlag og er vanskelege å bekjempe.
Vest
Metanmaling pa sau Vibeke Lind
⋅ Grovfôr

Klimautfordringa for vestlandske beitedyr

Sau og metan - Beitesesongen er i gang mange stader på Vestlandet. Tusenvis av beitedyr er no i gang med det fantastisk arbeidet med å omgjere urter og gras til kjøt og ull av god kvalitet. Medaljen si bakside er at det i same prosessen blir produsert klimagassar, som til dømes metan. Metan er i hovudsak eit resultat av gjæringsprosessen av fiber i vomma til drøvtyggarane. Her utgjer utsleppa frå sau 19 prosent av det totale metanutslepp frå fordøyelsesprosessen til norske husdyr.
Vest
Bilde 2
⋅ Grovfôr

Val av såfrø til eng og beite

Vestlandet er ein mangfaldig landsdel der topografi og klima skapar ulike vekstforhold for grovfôrproduksjon. Val av sortar til eng og beite er viktig for produktiviteten til enga.
Vest
Gras2014
⋅ Grovfôr

Tidspunkt for gjødsling etter første slått. Har det noko å seie for avling og kvalitet i håslåtten?

Er det avgjerande med rask gjødselspreiing etter første slått? Eller - er det så store restar av næring i jorda frå vårgjødslinga, at plantane har nok tilgang dei første to vekene? Dette vart undersøkt i 12 feltforsøk i vekstsesongen 2019. Felt vart lagde ut i alle landsdelar, frå Bodø i nord til Grimstad i sør. NLR Vest har felt på Vartdal (Ørsta) og Voss.
Vest
IMG 3590
⋅ Grovfôr

Alternativ til glyfosat ved brakking av eng

Glyfosat verka raskare og sterkare mot grasartar enn dei andre grasherbicida ved sein haustsprøyting i eng. Fokus Ultra kan ha tilfredsstillande verknad mot strandrøyr.
Vest
Forsoksmelding 2019
⋅ Grovfôr

«Nye» artar og sortar av engvekstar

Strandsvingel har gitt høgare avling i andre engår enn timotei, engsvingel og bladfaks i 7 av 11 pågåande forsøksfelt. Arten er rekna som tørkesterk. I område med lang kald vinter er han forholdsvis svak.
Vest
Bjorge i enga ved sjoen 2019
⋅ Grovfôr

Fokus på grovfôr i Sørbøvåg

I Ulvika i Sørbøvåg er det større fokus på grovfôr enn kva ein erfarer på det jamne. Bjørge Ulvik har eit stort engasjement for grasdyrking, og han er flink til å planlegge og gjennomføre tiltak på areala, som slett ikkje ligg rett utom stovedøra. Kjøp av rådgjevingspakken NLRpluss Grovfôr har vore til god nytte i 2019.
Vest
Lyssiv
⋅ Grovfôr

Tiltak mot lyssiv og knappsiv

Når sivartane får dominere i beita, blir det lite mat til dyra. Areala ser ikkje velstelte ut. Motivasjonen for skjøtsel av kulturlandskapet minkar. Finst det mottiltak?
Vest
Mhhgamaleng1
⋅ Grovfôr

Gamal eng – verdifull på mange måtar

Gamal og varig eng kan gi store avlingar og ha eit stort mangfald av ulike plantar. Dei gamle engene finn ein som regel der det er vanskeleg å pløya grunna steinrik jord og eller bratt terreng.
Vest
DA Efuglattlegg
⋅ Grovfôr

Kan fuglar øydelegge attlegg?

I år har vi lagt merke til eit litt spesielt fenomen i attlegg. Der ein har laga attlegg ved hjelp av harv utan pløying, har vi lagt merke til torver som ligg som klumpar utover attlegget. Dette har skjedd sjølv om alt var tromla flatt og fint etter såing.
Vest
1 ... 7 8 9