I overgangen frå innefôring med surfôr til ungt beitegras er det viktig å vera klar over at det er vommikrobane i vomma ein fôrar. I vomma har ein bakteriar som er spesialistar på å bryta ned fiber, medan andre mikrobar er spesialistar på å bryta ned sukker, stivelse og protein. Ungt beitegras inneheld mindre fiber og meir lettomsettelege næringsstoff enn surfôr. Det gjer at det må skje ei endring av mikrobefloraen i vomma ved beiteslepp. Dette kan ta opptil fleire veker. Drøvtyggarar bør derfor ikkje ha brått fôrskifte for å oppretthalda eit godt vommiljø. Prøv derfor å få til ei overgangsfôring, der ein gradvis går over frå surfôr til beitegras. Konsekvensen av å ikkje få til ei skånsam overgangsfôring er at dyra kan få sur vom. Grunnen er at det lettomsettelege beitegraset gir så høg syreproduksjon i vom at pH i vom vil falla. Sur vom vil påverka fôropptaket, tilvekst og produksjon.

Overgangsfôring i praksis

Ved overgang frå surfôr til ungt beitegras kan ein gjera overgangen meir skånsam med ulike tiltak.

  • Ikkje slepp dyra på beite på «tom mage»

Dyr som blir sluppen på beite med tom mage vil ha eit stort inntak av beitegras. For vomma vil dette bli eit brått fôrskifte, og ein er då i fare for høg syreproduksjon og sur vom. Dyr som blir sluppen på beite med ein del surfôr i vomma vil ha mindre kapasitet til å ta opp beitegras. I tillegg vil dei dyra då ha ei blanding av beitegras og surfôr, som dei er vane med å fordøya, i vomma. På denne måten får ein eit moderat fôrskifte.

  • Tidleg beiteslepp

Ved å sleppa dyra på beite når det er lite tilgjengeleg beitegras vil ein avgrensa stort beiteinntak. Men ved denne strategien bør dyra tilleggsfôrast, enten inne eller ute, dersom dei er i produksjon.

  • Gradvis tilvenning til beite ved å ha dyra ute på dagen og inne om natta

Dette er eit tiltak som kan vera arbeidskrevjande, men særleg for sau med lam er denne strategien også gunstig med tanke på å beskytta dei små lamma mot rovdyr som td. ørn og rev.

  • Tilleggsfôr med surfôr på beite

Gi dyra tilgang på surfôr på beite dei første dagane/vekene etter beiteslepp. Gi dyra tilgang på surfôr på beite dei første dagane/vekene etter beiteslepp. Drøvtyggarar som har tilgang til ulike grovfôrkvalitetar har evne til å regulera fôrinntaket slik at dei opprettheld nok fiber i vomma. Dette er gunstig i forhold til å ivareta eit godt vommiljø ved beiteslepp.

  • Nedtrapping av kraftfôrmengdene på beite

Sidan dyra tar opp meir lettomsettelege næringsstoff gjennom beitegraset kan ofte kraftfôrtildelinga reduserast ved beiteslepp. Nedtrapping kan godt skje over eit par dagar /veker avhengig av dyreslag og beitekvalitet. For mjølkekyr kan det også vera aktuelt å endra kraftfôrslag ved beiteslepp. Tilvenninga av nytt kraftfôrslag bør skje før beiteslepp.

Elles er det viktig at dyra har tilgang til reint vatn når dei går på beite. I tillegg inneheld gras i hovudregel ikkje nok vitamin og mineral til å dekka dyra sitt behov. Derfor bør dyr som går på beite, og som ikkje får kraftfôr, også ha tilgang til vitamin og mineral.