NLR Vest nyttar Kretsløptolken i rådgjeving. Dette er eit nederlandsk verktøy som er tilpassa norske forhold av Bart van Gool. I Nederland blir dette verktøyet brukt som eit styringsverktøy, og må nyttast av alle mjølkebønder som leverer mjølk til meieriet. Som namnet seier, viser verktøyet krinsløpet til nitrogen og fosfor på gardsnivå. Ein får også med informasjon om utslepp av CO2-ekvivalentar frå garden basert på informasjon som er henta inn frå avlingsregistrering, kraftfôr, dyretal osv. Dermed får ein også informasjon om klimagassutslepp på garden. I NLR Vest har dette verktøyet vore nytta i fleire prosjekt innan klimasmart landbruk.

Klimakalkulatoren er eit verktøy som er basert på ein canadisk modell. Dette er ein meir avansert modell, som tek med fleire variablar enn Kretsløptolken. Programmet vart aktuelt etter at klimaavtalen i Paris vart underteikna i 2015. Her forplikta Noreg seg til å kutta 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar fram til 2030. For å oppnå dette målet, har ein behov for eit rekneskap over utsleppa i norsk landbruk, og ein plan over tiltak som kan minska utsleppa.

Norsk Landbruksrådgiving og mange andre landbruksorganisasjonar har samla seg til eit landsomfattande prosjekt som heiter Klimasmart landbruk. Dette er seinare utvida til eit eige selskap, Landbrukets Klimaselskap SA. Her er eitt av måla å utvikla ein modell som automatisk hentar opp data for den einskilde bonde. Resultatet vart Klimakalkulatoren.

Gode klimatiltak heng ofte saman med god agronomi, som igjen heng saman med god økonomi. Ei eng med stor avling, god jordstruktur og drenering, slepp ut mindre klimagass pr. produsert eining enn ei eng med låg avling der jorda er i dårleg tilstand. Me i NLR tenkjer oss at ein kombinasjon mellom Kretsløptolken og Klimakalkulatoren gjev ei svært god forståing, og kan nyttast som styringsverktøy i mjølkeproduksjonen