Naturbeitemark er ein del av hovudnaturtypen kulturlandskap, denne er kulturavhengig i den forstand at den er skapt av husdyrbeiting og anna jordbruksaktivitet. Bevaring av det jordbruket som opprettheld dette landskapet bør derfor vere ei høgt prioritert oppgåve.

Naturbeitemark er ein artsrik naturtype med høg del habitatspesialistar. Naturtypen er vidt utbreitt, men artsrik, ugjødsla beitemark i god hevd er gått attende som følge av endringar i landbruket. Naturbeitemark kan ha historie som beiter, dvs skog som er rydda og halde ope av beiting, eller det kan vere gamal fulldyrka eller overflate dyrka jord som tidlegare har vore bruka til slått, men som i dag blir einsidig beita.

Ikkje alle beiter har stor verdi med omsyn til biologisk mangfald, men alle har ein stor verdi i kulturlandskapet og ofte også som fôrressurs. Det ser ein ikkje minst i år som det vi har bak oss. Vi har tilskotsordningar til skjøtsel av dei mest verdifulle areala i dag. Slåttemarkene har høgast tilskot for skjøtsel, men også naturbeitemark og hagemark med verdien A eller B har ekstra tilskotsordningar. Dette er areal som skal beitast, men ikkje gjødslast. Verdien får dei etter kor verdifulle dei er i biologisk mangfald samanheng.

Eg har laga skjøtselsplanar for fleire naturbeitemarker i Oppdal kommune i sommar og er veldig imponert over tilstanden på dei. Områda er tørrbakkar og registrert i naturbase i perioden 2005-2010 av ein biolog. Dette viser at beitinga som er praktisert i dag tar godt vare på det biologiske mangfaldet, den opne marka og er ein viktig ressurs som fôrgrunnlag. God styring av skjøtsel med beiting kan vere å bruke ein beitekalender. Alle åra er ikkje like, god dokumentasjon er eit godt og viktig reiskap for beiteplanlegging over år.

Beiting er avgjerande for at desse områda skal halde på sine verdiar. Passeleg med beitedyr og kanskje enno meir sambeiting av fleire dyreslag er noko kvar grend burde vurdere. Skjøtsel av naturbeitemarka som skaper det flotte kulturlandskapet vi har i alle bygder, burde vere i alle sin interesse og oppgåve å ta vare på.

I beiter der attgroinga har kome langt, vil det ofte vere nødvendig med rydding, noko som er eit tidkrevjande arbeid. Vi har i dag gode tilskotsordningar til slik rydding.. Meir om rydding, gjerding, beitepussing finn du i artikkelen Beitet sin plass i kulturlandskapet på hjemmesida vår. Registreringar om slåttemark, naturbeitemark og hagemark finn du i Naturbase. Om du er interessert i floraen og lokale namn på denne kan "Bondens kulturmarksflora for Midt-Norge" vere verd å lese/kjøpe.

Eksempel på artsmangfaldet i naturbeitemark slik det blei registrert på ein lokalitet i Oppdal