Nærare informasjon om tenestene kjem nedanfor påmeldingsskjemaet.

NLRpluss Grovfôr

NLRpluss Grovfôr er eit tilbod om individuell rådgivingsavtale for deg som ynskjer tettare oppfølging på produksjon av grovfôr.

Målsetting for NLRpluss Grovfôr er gjennom individuell rådgiving å auke avling og kvalitet, og samtidig gje råd om prioritering av arbeidsoppgåver.

Innhaldet i NLRpluss Grovfôr skal tilpassast den enkelte deltakar. Aktuelle tema er:

  • Vurdering av gras og jord på ulike skifte – prioritering av tiltak
  • Markvandring før slått - oppfølging fram mot slåtten
  • Grasprøver før slått – råd om slåttetidspunkt
  • Uttak av fôrprøver – framlegg til forbetring
  • Uttak av gjødselprøver – optimalisere gjødsling
  • Gjennomgang og evaluering etter sesongen – framlegg til endring

Det skal lagast ein enkel avtale mellom gardbrukar og rådgjevar om kva som skal inngå i rådgivingspakken, samt kor lenge avtaleperioden skal vare.

Pris for NLRpluss Grovfôr: Kr 3700,- . Normalt tidsforbruk ca. 5 timar.

Grovfôrøkonomi

Kartlegging: Gjennomgang på den enkelte gard

Individuell gjennomgang av kostnadar knytt til grovfôrøkonomi

Kva kostar ditt grovfôr i dag?

Samling Teams: Tiltak for å redusere grovfôrkostnadane

  • Presentasjon av gardane. Nøkkeltal.
  • Dialog, erfaringsutveksling; kva kan vi lære av kvarandre?
  • Aktuelle tema: Mekaniseringslinje tilpassa areal? Investeringar? Auke avling? Leigejord? Pris på leigejord? Pris på fôr? Kontroll på maskinkostnadane?
  • Døme på effekt og kostnad med tiltak

Frå NLR Vest deltek Gunstein Dyrdal (maskinteknisk rådgjevar) og rådgjevar som har gjort økonomisk berekning av grovfôrproduksjon.

Pris: Gjennomgang av kostnadar i grovfôrøkonomi vert fakturert på timebasis. Ca. 4-6 timar per bruk. Samling: Kr 500,- per bruk.

Kva kan du nytte dette kurset til seinare/Vidare oppfølging (ikkje inkludert i kurset)

Vurderer du investeringar?

Kva vert utslaget på endringar eller investeringar på garden din?

  • Kva er teknisk mogleg
  • Korleis er økonomien i dette?

Gunstein Dyrdal har høg kompetanse på bl.a. presisjonslandbruk.

NLR Klima Førsteråd

NLR Klima Førsteråd er eit tilbod om klimarådgiving på garden med utgangspunkt i Klimakalkulatoren.

  • Individuell rådgiving basert på Klimakalkulatoren
  • Total tidsbruk på 5-10 timar
  • Du får ein rapport med forslag til tiltak for din gard
  • Introduksjonstilbod i 2021, pris på 6000 kr. Eigendel 2000 kr

Klimakalkulatoren som er utvikla i prosjektet Klimasmart landbruk er klar for gardar med produksjon av korn, mjølk og svin. Andre produksjonar er under utvikling og blir lansert i løpet av 2021.

Det finst ikkje eit enkelt svar for alle når det gjeld å redusere utslepp av klimagassar eller gjere andre klimatiltak i drifta. Klimakalkulatoren bidrar til å synleggjere klimatiltak som har betydning på den enkelte gard.

Heldigvis treng det ikkje vere noko motsetning mellom økonomisk optimal produksjon og klimasmart landbruk, snarare tvert imot. Klimasmarte tiltak kan også gi økonomisk gevinst gjennom meir optimal drift. God agronomi ligg til grunn for ulike val. For nokre gardar vil dette bli ein langsiktig plan for fleire år framover.

Mange NLR-rådgivarar over heile landet er no utdanna i bruk av Klimakalkulatoren og klimarådgiving på garden. Dei vil kunne gje råd om løysningar som er aktuelle for den enkelte gard.

Introduksjonspris i 2021 for NLR Klima Førsteråd er 6000 kr.

Gjennomfører du klimarådgiving for garden din, kan du få eit tilskot på inntil 4000 kr frå Norges Bondelag og Gjensidiges Bærekraftfond.