Søknadsfrist 1. desember!

NLR organiserer denne ordninga. Unge bønder er har førsteprioritet til å vere med. Vi ynskjer påmelding både av unge bønder som er nye i næringa, eller vil prøve seg med ein ny produksjon, og av eldre og erfarne bønder som kan tenkje seg ei mentorrolle.

Kva skjer?

Dei som får plass i ordninga skal møtest til oppstartssamling i januar-24. Her vil mentor og bonde møtest. Har du ein aktuell person du kan tenkje deg å ha som mentor, så kan du sjølv ta kontakt med vedkomande på førehand. På oppstartssamlinga blir det laga ein avtale for vidare aktivitet utover i året. Det skal minst vere 5 møte mellom mentor og ny produsent. Mentor får 9000 kr for arbeidet, pluss reiseutgifter og møtegodtgjersle for oppstarts- og avslutningssamling. Avslutningssamlinga blir til hausten.

Kva gjer du?

  • Gå inn på heimesida vår nlr.no/mentor og søk om deltaking i Mentorordninga innan 1. desember
  • Har du spørsmål om Mentorordninga, kontakt regionkontakt i NLR Vest: Leif Trygve Berge, tlf. 98245839 eller send ein e-post til: leif.trygve.berge@nlr.no
Mentor 2021
Arkivfoto av ny bonde og mentor.