Nokon vurderer å så vekst nummer 2 og hauste grønnfôr etter dårleg kornåker for å redde vinterfôret til dyra. Men kva faktorar må ein lukkast med, og kva kostar det eigentleg i høve til kraftfôr eller grovfôrerstattar? Fôr dei fleste kornbønder er det mest aktuelt å så «haustkorn». Men for husdyrbønder med både korn og gras, og som treng grovfôret i tillegg til grovfôrestatter/kraftfôr kan det vere aktuelt.

Uavhengig av produksjon og metode kjem det meirkostnader og det er truleg rimelegare for dei aller fleste å skaffe seg tørr eller NH3 halm i staden for resåing av korngrønnfôr.

Kraftfôr og grovfôrerstattar kostar rundt 5-5,5kr/fem, så grønnfôret må koste mindre enn det for å konkurrere. Det er derfor ofte lite å hente om ein maks kan betale 4,50-5,00 kr per FEm. I tillegg kjem risikoen med sein såing hausting, storleik på avlinga, svinn ol. Den som tenkjer å så vekst nr 2 bør gjere det snarast råd.

Ein grønfôr rundball innheldt ein stad mellom 150-200 FEm/ball. Ofte noko mindre enn ein grasrundball. Prisen på ein normal grønfôr rundball bør derfor ikkje overstige 675-1000 kr pr ball om den skal tangere kraftfôrprisen. Grovt sett tilsvarar dette over 2 rundballar pr daa å hauste for å kome under kraftfôrpris.

Ved forenkla jordarbeiding må ein hauste over 300 FEm/daa for å tangerer kraftfôrprisen. Erfaringar frå 2018 syner at dette er krevjande for mange. Legg me til grunn om lag 50 øre/FEm for å legge fôret ut på fôrbrettet må grønfôrprisen under 4,5 kr/daa levert fjøsevegg for å jamnstillast med kraftfôrpris. For å greie dette må ein hauste opp mot 400 FEm/daa. Noko som for dei fleste tilsvarar 2 haustingar. Då kjem følgende spørsmål; har du att lang nok vekstsesong til det? Grønfôret treng om lag 60-80 vekstdøgn før hausting, meir utover hausten. Skal du hauste 300 FEM eller meir vert det truleg 2 haustingar for dei fleste. Ekstra slått og ranking må då leggast inn i kalkylane. I denne kalkyle dreiar det seg om 20-30 øre meir pr Fem.

Me har lagt til grunn forenkla jordarbeiding eller direktesåing, og «middel» maskinleigeprisar i Betre gardsdrift 2023 som grunnlag for kalkyle.

Forenkla jordarbeiding

Forenkla jordarbeiding

Direktesåing

Eit rimelegare alternativ kan vere å «direkteså». Det høyrest lukrativt ut. Men fleire av kostnadane vil vere der likevel.

Direktesåing vil redusere grovfôrprisen om lag 205 kr/daa. Noko som tilsvara ein stad mellom 1,02-0,41 kr/FEm(Hugs at når avlinga aukar, aukar haustekostnadane).

Direktesaing kostnad