Bakgrunn

Landbrukets klimaplan er ein avtale mellom Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget, og staten. Målet er at landbruket skal kutte 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Landbrukets klimaplan seier noko om fleire satsingsområde innan fôring, fossilfri maskinpark, fossilfri oppvarming, agronomi, biogass, karbonlagring i jord og teknologi. Eit viktig satsingsområde er klimakalkulatoren. Det er sett som mål at alle bønder skal ta i bruk klimakalkulatoren innan 2025. Klimakalkulatoren skal vere eit hjelpemiddel for å kartlegge klimaavtrykk på gardsnivå og planlegge tiltak.

Korleis komme i gang med klimakalkulatoren?

Klimakalkulatoren finn du her: https://klimasmartlandbruk.no/klimakalkulatoren/

Start gjerne med å sjå e-læringskurset før du loggar deg på. Du må gi klimakalkulatoren tilgang til å hente opplysningar. Dersom den ikkje klarer å hente alt automatisk, må du kanskje legge inn noko manuelt. Har du fleire produksjonar må du fordele strøm- og dieselforbruk. Gjødslingsplan som er knytt til digitalt kart er ein føresetnad for at kalkulatoren fungerer. Det mest korrekte resultatet får du dersom reell gjødsling og avling er registrert i gjødslingsplanen.

NLR Klima Førsteråd

Bestiller du Klima Førsteråd frå NLR hjelper vi deg først med å komme i gang med klimakalkulatoren og få alle opplysningar på plass. Dersom det er behov for oppdatering av gjødslingsplan for å få klimakalkulatoren til å fungere kjem dette i tillegg. Deretter møtes vi, enten på garden eller på Teams, og diskuterer resultat frå klimakalkulatoren. Vi går gjennom dei ulike delane av gardsdrifta og diskuterer kva som er gardens klimastyrker og kvar det er muleg å gjere forbedringar. Til slutt lagar rådgivaren ein rapport/klimahandlingsplan for garden. Individuell rådgiving som i dette eksempelet kostar 6000 kroner. Det er og muleg å organisere grupperådgiving. Dette kostar 2000 kronar per deltakar. Desse kostnadene får du refundert frå Regionalt miljøprogram (søknadsfrist 15. oktober).

2018 06 27 10 58 48

Nytte av Klimakalkulatoren og NLR Klima Førsteråd

Når rådgivar og bonde møtes har vi ofte fokus på detaljar i drifta som gjødslingsplan og val av plantevernmiddel. NLR Klima Førsteråd er ei god mulegheit til å sjå på dei store samanhengane i gardsdrifta. Ein kan sjå på klimakalkulatoren som ei oversikt over ressursbruken på garden, og høgt klimaavtrykk betyr ressursar på avveie. Det er og muleg å samanlikne seg med andre i kalkulatoren, både på landbasis eller avgrensa på areal og geografi. Denne funksjonen blir betre etter kvart som fleire tek i bruk kalkulatoren.

Poteter har veldig lavt klimaavtrykk samanlikna med andre matvarer. Klimakalkulatoren er ein god måte å dokumentere dette. Både varemottakarar og kundar er i aukande grad opptatt av klima, og det er viktig å vise fram potet som ein klimavennleg produksjon og at bransjen tek klima på alvor. Dei fleste bankar tilbyr grøne lån med gode vilkår. Utarbeiding av klimaplan kan potensielt gi betre lånevilkår både på enkeltbruk, for pakkeri og for bransjen som heilheit.

Og sist men ikkje minst: Gode klimatiltak betyr som oftast god agronomi.